nyhende

Det at hoggormen vaknar frå vinterdvalen er dårleg nytt for hunden. Colourbox/Tryg Forsikring/NPK

Hoggormen vaknar etter dvalen

Publisert Sist oppdatert
NPK: Etter ein lang vinter og vår har auka temperatur vekkt hoggormen etter vinterdvalen. Fleire stader i Sør-Noreg er dette nett no dårleg nytt for våryre hundar.

– Hoggormbit må alltid sjåast på som eit akutt tilfelle som krev veterinærbehandling så raskt som mogleg, men det er veldig varierande kor sjuke hundane blir. Vi mista til dømes to hundar for få år sidan trass i intensiv behandling inkludert motgift. Dette var store, og i utgangspunktet, friske hundar som vi forventa skulle bli friske av behandlinga, seier Tor Kvinge, veterinær og dagleg leiar ved AniCura Dyresykehus i Bergen, knytt til Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Her kjem det fram at det ikkje alltid er lett å få med seg kva hunden er borte i ute i naturen, då er det greitt å vita kva symptom ein må sjå etter.

– Eit tydeleg teikn kan vera at hunden din hyler til ute i skogen. Eit hoggormbit kan visast i huda som to små hol eller prikkar ved sida av kvarandre. Om det var gift i bitet oppstår ein kraftig og ofte blodraud hevelse rundt bitet som kan spreia seg langs kroppsdelen som vart ramma, forklarer Kvinge. Andre symptom kan vera akutt halting og smerte.

Det er lett å få panikk dersom du oppdagar at hunden er biten av ein hoggorm, men for hundeeigaren gjeld det å behalda roa og samtidig prøva å roa ned hunden.

– Før du kjem deg til veterinær bør hunden haldast i ro, og kvila sidan spreiinga av gifta blir påskunda ved muskulær aktivitet. Ein liten hund kan berast frå staden, og om det er mogleg bør heller ikkje ein stor hund gå mykje. Bitet skal ikkje sugast på eller kjølast ned, og ein skal ikkje prøva å stansa blodsirkulasjonen frå bitstaden, seier Kvinge.

Hoggorm er like glad i sol og varme som deg, og er du ute og luftar hunden bør du sjå seg ekstra godt om etter hoggorm no og i tida som kjem.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS