nyhende

Det er alltid nokon som køyrer for fort på E39 i Førde. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik
Det er alltid nokon som køyrer for fort på E39 i Førde.

Høgaste bot: 8.200 kroner + tre prikkar

Torsdag kveld hadde Utrykkingspolitiet (UP) kontroll i Førde.

Publisert Sist oppdatert

60-sona i Førde er blitt ein gjengangar for UP sine kontrollar i vinter. Og det blir skrive ut forenkla førelegg kvar gong.

Torsdag kveld blei 13 bilførar bøtelagt. Høgaste fart blei målt til 79 km/t. 19 km/t over fartgrensa gir ei bot på 8.200 kroner og tre prikkar i førarkortet.

Dette kostar det:

Bøtesatsar for fartsoverskridingar i 60 km/t eller lågare:

  • Til og med 5 km/t: kr. 1.150
  • Til og med 10 km/t: kr. 3.150
  • Til og med 15 km/t: kr. 5.650 (+ 2 prikkar)
  • Til og med 20 km/t: kr. 8.200 (+ 3 prikkar)
  • Til og med 25 km/t: kr. 12.700 (+ 3 prikkar)
  • Over 25 km/t: inndraging av førarkort
Powered by Labrador CMS