nyhende
Ho er ny kreftkoordinator i Sveio
Solveig Gravelsæter er tilsett som ny kreftkoordinator i Sveio kommune. — Ho har brei og god kompetanse, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, om Gravelsæter.
Ein ny kreftkoordinator er tilsett i Sveio, og namnet kan vere kjent for fleire.
Solveig Gravelsæter jobbar nemleg allereie 50 prosent som leiar for helsestasjon for seniorar i kommunen.
No skal ho også hjelpe sveibuar råka av kreft, også det i ei 50 prosent stor stilling.
I stillinga skal ho i hovudsak gjere tre ting. Vere kontaktperson i høve til tenester knytta til kreftsjukdom, tilrettelegging av kvardagen for kreftsjuke og pårørande, og bidra til eit godt system og rutinar for kreftomsorga i kommunen.
— Brei kompetanse
For nokre månader sidan vart stillinga lyst ut internt i Sveio kommune, og det vart to søkarar.
Gravelsæter er eit godt val, fortel Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg.
— Ho har brei og god kompetanse innan fagfeltet, og eit stort engasjement, seier Toft.
Kreftkoordinator er ikkje ei ny stilling, men tidlegare har det vore oppgåva til den fagansvarlege i heimetenesta
Meir synleg
Årsaka til endringa er ifølgje Toft at tilbodet skal verte meir synleg.
— Me ser eit behov for tydelegare organisering, der dette viktige arbeidet vert meir tilgjengeleg for innbyggarane, seier Toft.
Gravelsæters nye stilling som kreftkoordinator har ikkje noko å gjere med hennar rolle i helsestasjon for seniorar.
— Stillinga vil kunne ha nokre samanfallande oppgåver, men kreft kan ramme menneske i alle aldrar, seier Toft
Gravelsæter tiltrer den nye stillinga den 27. mars.