nyhende
Ho er første leiar for banken si Sveio-avdeling
Den einaste banken med fysisk kontor i Sveio, intensiverer satsinga si i kommunen.
Då Sparebanken Vest la ned lokalkontoret sitt i Sveio i 2015, rykte Haugesund Sparebank inn i lokala dei framleis har i Sveio sentrum. Men førebels har dei berre lukkast å ta om lag 11 prosent av privatmarknaden.
— Me ønskjer å styrke banken sin posisjon i Sveio ytterlegare, og vere fysisk til stades i større grad enn før for å kunne gi økonomiske råd til kundar, enten det handlar om boliglån eller sparing, seier seier Merethe Hansen.
Vil utvide opningstida
Ho er den første avdelingsleiaren med eineansvar for Sveio, ei stilling som vart etablert 1. oktober i år. Tidlegare har Sveio-kontoret vore styrt frå banken sitt kontor på Amanda Storsenter i Haugesund.
Det handlar om å bygge relasjonar. For å oppnå det, tek banken no fleire nye grep. Om ei stund, utpå nyåret ein gong, går Sveio-avdelinga frå å ha ope berre tre dagar i veka, til å ha open døre alle vekedagane i veka.
Banken vil også satse på eigne arrangement rundt om i Sveio-bygdene, noko dei i så fall vil vurdere å rundt om i forskjellige Sveio-bygder.
— Det kan til dømes vere snakk om ein kveld med fokus på korleis unge førstegangskjøparar kan kome seg inn i bustadmarknaden, seier ho.
Merkar uro
Ved å bli meir tilgjengeleg for kundane i Sveio, trur avdelingsleiaren at fleire vil sjå nytta av å ha ein bank ein kan gå innom for å ta ein prat.
— Kanskje spesielt i litt urolege tider, som vi har no, trur me at mange vil oppleve det som nyttig og praktisk å ha banken sin i nærleiken, seier ho.
— De har merka uro blant kundane?
— Ja, det er stadig fleire som tek kontakt og ønskjer rådgjeving, seier ho.
Eit av verktøya banken har overfor kunder som kjenner på at det kniper, er å tilby avdragsfriheit på lånet en kort periode, slik at dei kan gjere grep for å tilpasse seg den nye økonomiske situasjonen. Enten heilt, eller delvis i ein periode. Men dette er ikkje noko dei rår alle til å velje, då nedbetalinga på lånet vert mindre effektivt.
— Nedbetaling på lån er jo i realiteten sparing, minnar Hansen om.
Ho fortel elles om ei auke i spørsmål kring fastrentelån, men at det ikkje er så mange som har gått for det fram til no. Noregs Bank si styringsrente har gått opp mange gong det siste året, likevel er det ikkje det som fram til no har påverka mest.
— Det er nok først og fremste auka straumpris som har gitt det største utslaget på folks økonomi, seier ho.