nyhende
Blei med på forskingsprosjekt, fekk endeleg akseptabel tannhelse:
Hjelpt av stamcellebehandling
I desember 2022 kunne Vestavind fortelja om sveibuen Geir Olsen, som endeleg hadde fått håp om god tannhelse gjennom eit forskningsprosjekt på Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen. Sidan den gongen har Olsen fått endå meir å gle seg over.
For eit par veker sidan var Olsen til kontroll på Institutt for klinisk odontologi. «Garantikontroll», som han kallar det sjølv. Gjennom forskningsprosjektet blir han følgt opp med kontrollar kvart halvår i fem år framover.
– Tilbakemeldinga var denne gongen også at resultatet er svært bra. Endeleg har eg fått ei akseptabel tannhelse som eg ikkje har hatt sidan seksårsalderen, seier han.
Slepp å betala
Då Vestavind snakka med Olsen for eit drygt år sidan, såg han for seg at han måtte betala 41.000 kroner i eigenandel for behandlinga – pengar han den gongen ikkje hadde. I haust fekk han vita at han slepp eigenandelen også. Det som ikkje blir dekka av det norske helsevesenet, tar forskningsprosjektet seg av.
Han får også dekka delar av reisekostnadene til og frå Bergen for kontroll. Det var ei stor lette for den uføretrygda sveibuen. Han har tidlegare brukt store summar på behandling ved private klinikkar, blant anna augeoperasjon i London.
No vil Olsen dela historia si med andre, og ikkje berre gjennom avisa.
– Eg trur det er mange som slit med liknande problem som meg, og som manglar informasjon om dei tilboda som finst. Difor vil eg ut og halda foredrag og fortelja om det eg har vore gjennom. Første foredraget blir på biblioteket i Sveio torsdag 1. februar, fortel han.
Merknad: I første versjon, og i papiravisa, står det at første foredrag er fredag 2. februar. Dette er feil og blei retta i nettavisa 25. januar kl. 11.38.
Vil dela med andre
Olsen har fått hjelp til å utarbeida undervisningsmateriell, blant anna PowerPoint-illustrasjonar. Han er i dialog med fleire om besøk og kan tenkja seg eitt foredrag i månaden over heile Vestlandet.
Eitt av momenta han vil dela med andre ut frå si eiga erfaring, er at det er viktig å stå på sjølv for å få hjelp. Sjølv meiner han at han fekk lite hjelp av lokale tannlegar. Det var han sjølv som kontakta Institutt for klinisk odontologi og etter kvart ba om å få bli med på forskingsprosjektet.
Olsen sin diagnose kallast tannagensi. Det er ei medfødd liding som medfører at ein del nye tenner ikkje veks ut etter at mjølketennene er felte. Frå ungdommen av har behandlinga omfatta regulering, bruer og implantat.
Forskingsprosjektet ved Universitetet i Bergen, som blir leia av førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi Cecilie Gjerde, går ut på å få nytt beinvev til å veksa fram frå pasienten sine eigne stamceller.