nyhende
Historisk tilbakeblikk på Førde og Oa songlag
Songlag var populært, også i Sveio. Songarstemne like så, der mange reiste med båt. Det var ikkje uvanleg at stemna samla 5.-6.000 deltakarar. På det største stemnet skal det ha vore 20.000 songarar samla på Stord.
Informasjon og bilete til saka er henta frå protokollane til Oa og Førde Songlag, samt frå heftet utgitt ved Sunnhordland Songarsamskipnads 75-års feiring. Johannes Norman har bidratt med mykje informasjon og private bilete.
Førde songlag
Førde Songlag vart starta den 2. november 1914 av Bernard J. Håvardsholm. Han og dirigent Arnt Røykenes (Røykjenes), skrive på fleire måtar, har tydeleg hatt ei sentral rolle i å halda laget samla og i drift.
Medlemmer av laget ved oppstart var: Ingeborg M. Førde, Inga M. Førde, Maria Robbestad, Nanna Robbestad, Margit Robbestad, Anna Strømø, Hanna Håvardsholm, Amanda Eltrevåg, Olav Robbestad og Svend Robbestad
I styret og som formenn av laget er det mange frå bygda som har deltatt, og Hanna Håvardsholm sine serveringar under øvingar er nemnt fleire gonger.
Øvingar fleire gonger i veka til langt på kveld/natt er oppskrifta på oppkjøyring før ein opptreden. Heima gjerne etter midnatt.
Oa Songlag
Oa Songlag sin oppstart er ikkje dokumentert, men Oa barnekor vart starte i 1918 og Oa Songlag vart starta i 1922. Arnt Røykenes var leiar, dirigent og primus motor. Første sida i protokollen er frå 8. mai 1945. Ein viktig dag for Noreg. Protokollen bekreftar følgjande:
«Me må taka til med songlaget att». Dette tyder på at laget har eksistert før krigen. Arnt Røykenes er dirigent for dette laget og.
17. mai 1945 er jo spesielt, og laget førebudde denne feiringa med stort stemne på Myklatun.
Stor songglede tyder det på når det er songarfest i Førde nyttårsdag 1946, og songarfest på Oa sundag 5. januar 1946.
Slo seg saman
Frå 1955 og 1956 byrja Oa Songlag og Førde Songlag å ha oftare felles øvingar, som til slutt enda med eit felles songlag. Interessa og rekrutteringa var sviktande dei siste åra for begge songlaga.
Frå Sunnhordland Songarsamskipnad sitt hefte frå 75-årsjubileet, vises stemnestader og talara og kåsørar gjennom 75 år.
Førde har hatt songarstemne i åra 1926 med talar Th. Hovda. Åra 1933,1938 og1950 med talar Kristofer Sydnes. I 1965 kåseri av Øyvind Døssland. Songarstemna i Førde vart haldne på Nedre Tabor og ved Grautalibekken vest i bygda.
Samla 5-6.000
Songarstemne var i ein periode haldne i lag med IOGT, som då hadde formiddagen og songarane ettermiddagen. Under stemnet i Sunde i 1915 var det om lag 3.000 personar på stemneplassen. Stemnet på Stord i 1919 hadde fleire frammøtte. Sjølv i 1920 på Rubbestadnes, med regn og uvêr var det stor deltaking. Her fikk Samskipnaden prøvd si nyinkjøpte tribune til 7.000 kroner.
Etterkvart som songastemna vaks fram, vart dei med åra eit utfartsmål for alle aldra, unge og ungdom. Flaggsmykka båtar med fulle dekk av songarar og publikum seig innover mot land, gjerne med song som høyrdes godt. Dette hadde noko festleg med seg, og i godvêr kunne tilstrøyminga til stemna stundom komma opp i 5-6.000 personar.
Turen starta gjerne klokka 05.00 om morgonen. Heimkomsten var gjerne etter midnatt, og då var det tid for stiing hos mange. Dei som hadde båtane måtte syta for dei før og etter turen.
Største samling i si tid skal ha vore på Stord med rundt 20.000 personar.
«Kaffitreff» under krigen
I krigsåra 1940-1945 var ikkje slike samlingar lovlege, og kora hadde uregelmessige «kaffitreff» hos kvarandre. Sunnhordland Songarsamskipnad hadde same problem i desse tiden, men greidde å arrangera stemne på Leirvik i 1943:
«Tilhøva gjorde at det utelukkende ble kor fra Stord som deltok, nemlig fra Fitjar, Litlabø, Sagvåg og Leirvik». Fire kor på øya Stord! Også i 1944 heldt Sunnhordland Songarsamskipnad stemne på Leirvik.
17. juni 1945 heldt Sunnhordlans Songarsamskipnad «fredssongstemna» i Rosendal. Det vart ei ny stor oppleving. Mykje glede og glad song prega både song og samvær. Malmanger og Skålavikjo vart mest uframkommelege på grunn av alle fartøya som låg der. Bygda tok i mot alle med flagg til topps på alle flaggstenger.
Sunnhordland Songarsamskipnad held ut lengre og er kanskje i aktiv drift den dag i dag?
75-årsjubileum
I 1989, sundag 23. april klokka 15.30, heldt Sunnhordland Songarsamskipnad 75-års jubileums-konsert. Konserten var på Kulturhuset på Stord, i kinosalen. Tre mannskor og seks blandakor deltok. Gjestekor var Sotra Reviderte. Bilettane kosta 40 kroner for vaksne, og 20 kroner for born og trygda.
Oa og Førde Songlag var ein trivelig flokk og mange fellesturar gikk ofte fra Røykenes eller Førde og til Stemnestaden, kor dette måtte være. Noen timar med reis før stemnet starta, og likeins heimover på seine kvelden.