nyhende
Historisk Sveio-siger i serieopninga
Laurdag tok Sveio IL sitt herrelag i volleyball ein historisk siger, då klubben gjorde comeback med seniorlag etter eit opphald på meir enn 20 år.
SVEIO – SANDNES 3-0 / SVEIO – STRAEN 0-3: Laurdag vart årets innandørs volleyballsesong blåst i gang.
— Det smakte godt å få ein siger i første kamp, seier Ole Johan Sveen.
Han er volleyballtrenar både for herrelaget og juniorlaget til Sveio IL, og gler seg over at klubben er tilbake med eit seniorlag på herresida. Det er meir enn 20 år sidan sist. Difor smakte det ekstra godt då klubben markerte comebacket med siger i årets første kamp i 2. divisjon, mot Sandnes.
— Det var ein veldig jamn og spennande kamp frå første serve, seier han.
Laga følgde kvarandre i alle setta, men Sveio var dei naudsynet hakka betre, og drog dermed i land den historiske 3-0-sigeren.
Leksjon i blokk
Mot Straen, eit Stavanger-lag som ifølgje Sveen består av mange særs rutinerte volleyballspelarar, vart det derimot for tøff motstand.
— Me visste me møtte eit godt lag. Dei las spelet vårt veldig godt, og me fekk ein leksjon i godt blokk-spel, seier Sveen.
Motstandaren vann det første settet klart. Og sjølv om Sveio-spelarane beit betre ifrå seg i dei to neste, blei det tap 0-3.
Sveen summerer opp serieopninga slik:
— Det er godt å kome i gang. Totalt sett er me nøgde. Og me fekk avdekt kor me har forbetringspotensial, så då har me noko å jobbe med på treningane, seier han.
Godt samhald
Sveio har ei gruppe med 12 spelarar, som Sveen skryt av.
— Det er ei fin blanding av junior- og seniorspelarar. Nokre unghestar og nokre veteranar i 30-40-årsalderen. Det er godt samhald og kameratskap i gjengen. Målet vårt er å bite frå oss så godt me kan i kvar kamp, seier Sveen.
PS! Torvastad IL debuterte i eliteserien i volleyball med eit brak, då dei feide Tromsø av banen og vann 3-1 i det som vart ein stor fest framfor 350 tilskodarar på Karmøy. Sveibuen Sebastian Vasile Nicoara spelte nesten heile kampen for Torvastad. Nicoara har fleire sesongar bak seg som spelar på aldersbestemt nivå i Sveio. Han er no elev ved ToppVolley i Suldal, og har spelt med Torvastad IL dei siste sesongane.
Dette er laga i 2. divisjon sørvest:
Austrått IL
Finnøy IL
Gjesdal IL
GSI
Haugesund VBK
Hinna Volleyball
Hinna Volleyball-2
Kristiansand Student IL
KSK (Kristansand Sandvolleyballklubb)
Straen VBK
Sandnes VBK-2
Sveio IL
Torvastad-2
UiSi (Universitetet i Stavanger idrettslag)