nyhende
Historia om ein livsfarleg – og livsviktig – kjellar
Då fem personar vart drepne av anthrax i USA, vart Henning Sørum innkalla til avhøyr av FBI. Kva i all verda ville amerikanarane med ein professor frå veterinærhøgskulen i Noreg?
Breva med det kvite pulveret byrja å dukke opp i den amerikanske posten like etter terrorangrepa 11. september 2001, og var adressert til fleire nyheitsorganisasjonar og senatorar.
I alt vart fem amerikanarar drepne. Pulveret viste seg å innehalde den dødelege miltbrann-bakterien Bacillus anthracis , eller anthrax, som mange kjenner den som.
I etterforskinga som følgde, utførte FBI meir enn 10.000 intervju på seks kontinent. Avhøyra omfatta legar, forskarar, ein misfornøgd utanlandsk vitskapsmann, ein mikrobiolog som tok livet sitt etter angrepa og ein student med påstått band til al-Qaida.
Og Henning Sørum, som er professor i mikrobiologi ved Veterinærhøgskulen på Ås.
– Det var ei veldig spesiell oppleving, seier Sørum, som underviser studentar i bakteriologi, mykologi og smittevern.
Rivande revolusjon
Mikrobar har eksistert på jorda i milliardar av år, men det var først på 1600-talet at fagfeltet mikrobiologi vart fødd. Mikrobiologi er læra om bakteriar, sopp, protozoar, virus og eincella parasittar. Studiet av mikroorganismar har ført til verdsomveltande oppdagingar innan alt frå medisin og industriell biologi til landbruksforsking og matproduksjon. Mikrobane finst absolutt overalt og påverkar forholda på jorda på uendeleg mange måtar. Dei utgjer til dømes ein livsviktig flora i og på kroppen hjå menneske og dyr, men kan også forårsake alvorleg sjukdom. Somme virus og bakteriar frå dyr, som Henning Sørum jobbar med, kan også smitte til menneske og vere potensielt dødelege for oss.
Miltbrann er ein av dei. I Noreg er den først og fremst ein svært sjeldan sjukdom hjå sau, kyr, hest, geit, svin og ville dyr, men bakterien kan smitte til menneske – til liks med mikroorganismane som til dømes forårsakar fugleinfluensa, rabies og brucellose.
Frysetørka fare
Når mistanken om slike sjukdomstilfelle blir oppdaga hjå dyr, er det Henning Sørum og kollegaene ved Veterinærinstituttet vegg-i-vegg som analyserer prøvene for å finne ut kva for organismar dei har med å gjere. Det gjer dei på laboratorium. Identifiseringa er eit omfattande arbeid som ikkje berre inneber dyrking og analysar av gensekvensar. Forskarane er ofte også avhengige av å ha noko å samanlikne det mikrobiologiske funnet sitt med – såkalla referansemikroorganismar.
Og det er her kjellaren på Veterinærhøgskulen kjem inn.
– Fram til 2000, samla og frysetørka me 6.000 isolat av ulike bakteriar, og me har også overteke ei stor frysetørka samling frå Rikshospitalet. Den inneheldt prøver frå slutten av 1940-talet og fram til 2000. Alle dei frysetørka prøvene ligg passivt i glasampullar i skåpa her og kan når som helst takast fram og dyrkast opp att, fortel Sørum.
-196 grader
Stålskåpa med dei frysetørka bakteriane utgjer likevel berre ein liten del av innreiinga. Her inne er det først og fremst digre fryseboksar, såkalla ultrafrysarar, som opptek plassen. Temperaturdisplayet på utsida syner minus 80,5 grader. Det er det som må til for å halde organismane levedyktige i tiår etter tiår. I tillegg ligg det prøver på flytande nitrogen som heldt 196 kuldegrader. Totalt tel den frosne samlinga titusenvis av bakteriar og virus.
Dei fleste stammar frå prøver laboratoriet sjølv har teke frå produksjonsdyr, familiedyr og bier, og bakteriar som er funne i alt frå akvarium og fisketankar. Men fleire av dei er også såkalla typesamlingar som er bestilt frå utanlandske bakteriesamlingar. Dei er naudsynte når forskarane jobbar med problemstillingar knytt til ein spesiell bakterie, for å kunne samanlikne bakterien dei sjølv har isolert med ein typestamme som er internasjonalt godkjent. For å få publisert mikrobiologiske studiar må ein også ofte ha samanlikna det nye materialet med isolat som representerer den same arten.
– Me har fleire prøver i vår eiga samling som er bestilt frå American Type Culture Collection (ATCC) i USA og andre utanlandske bakteriesamlingar, for å nytte dei til samanliknande studiar. Det er opptil forskarane å velje kva for samlingar dei tingar referansematerialet frå. På same måte er det forskarane som bestemmer kvar dei sjølve vil donere sitt eige og nye referanse-materiale. Det er me er pålagt etter internasjonale avtaler, for at materialet skal vere tilgjengeleg for alle. Det viktige er at bakteriesamlingane ein kjøper frå og donerer til, er godkjende.
Internasjonal standard
Frå midten av 1900-talet var også fleire universitet i Noreg og andre land i gang med å bygge opp sine eigne bakteriesamlingar. Materialet kvart land hadde vart deretter delt gratis med forskarar over heile kloden. Utan ekstra pengeløyvingar vart arbeidet svært ressurskrevjande, og forskarane var etter kvart også samde om at alle burde ha tilgang til eit felles referanse-materiale for heile verda. Det var slik dei kommersielle og ideelle type- og bakteriesamlingane blei utvikla.
For mellom 3.000 og 10.000 kroner kan forskarar no kjøpe bakteriar med referansenummer frå ulike bakteriesamlingar i verda. Når eit prosjekt NMBU har bestilt ei bakterie til er avslutta, frys dei type-bakterien ned hjå seg sjølv. Slik har ikkje berre NMBU sin eigen bakteriesamling vakse med åra. Det har også typesamlinga deira. Sørum er likevel ikkje redd for at kommersialiseringa favoriserer rike land:
– Det trengst til dømes svært mange år med forsking for å utvikle antibiotika mot ei ny bakterie. For at arbeidet skal svare seg økonomisk, blir det nyutvikla produktet patentbeskytta i 20 år, men det nye biologiske materialet blir som sagt donert og tilgjengeleg for alle. Etter mi vurdering er difor patentering meir robust enn politiske reglar. Universitet og kommersielle selskap som sit på samlingane, har vist seg svært solide, og har overlevd både kriser og krigar. Vi deler også på det vi har med fattige land, seier professoren, som har ansvaret for heile samlinga ved Veterinærhøgskolen, NMBU.
Krig og kontrovers
Heilt ukontroversielle har likevel desse samlingane ikkje alltid vore. Fram til 1989 selde amerikanske ATCC, saman med Centers for Disease Control, biologiske prøver av miltbrann, West Nile-virus og botulisme til Irak. Landet hevda dei trengde prøvene til medisinsk forsking, medan det viste seg at fleire av bakteriane vart brukt til Iraks forskingsprogram for biologiske våpen.
Ein annan kontrovers er om ein verkeleg bør ta vare på bakteriar og virus frå sjukdommar som er utrydda – når det alltid vil innebere ein risiko for at dei same bakteriane og virusa kan sleppe ut i samfunnet att. Då koppeviruset vart erklært utrydda av Verdshelseorganisasjonen i 1980, var det nokon som minna om at viruset framleis fanst i frysarar hjå dei ulike samlingane:
– På eit tidspunkt var det stemning for å destruere alle prøvene av koppar i dei offisielle samlingane og kvitte seg med viruset for alltid. Samstundes visste ein ikkje om viruset også fanst nedfrose hjå framande makter som kunne tenkje seg å nytte det til biologisk krigføring. Og viss så skulle skje, eller viruset slapp laus som følgje av brann eller jordskjelv eller berre uhell – og me hadde destruert alle våre prøver – ville me ikkje hatt virus me raskt kunne bruke som utgangspunkt for ei koppevaksine, forklarar Sørum.
I dag finst koppeviruset i to offisielle samlingar i USA og Russland, som er under kontroll av Verdshelseorganisasjonen.
– Heldigvis har me lært av historia, og skjønt at me må gje studentar og forskarar høve til å handtere bakteriar frå ei anna tid. Viss ein ikkje trenar folk i å identifisere dei og jobbe med dei, er det som om me skulle ha lagt ned forsvaret vårt. Då vil me vere heilt uførebudde om noko skulle skje. Samlingane er upolitiske, og må difor hegnast om og beskyttast, slik at me kan vere proaktive og drive viktig forsking.
Avslørt av FBI
Henning Sørum kimsar likevel ikkje av faren somme av prøvene dei har kan representere, og fortel om strenge rutinar både på laboratoria og på vegen inn og ut av dei. Her er frakkar og sko og smittesluser og kodelåsar – og romdrakter til dei mest risikoutsette jobbane. Dei har også klare instruksar på kva ein skal gjere om ein er så uheldig å knuse eit prøveglas med farlege bakteriar. Då gjeldt det å koma seg ut og stengje av rommet så snart som råd, og vente til aerosolane i lufta har landa på golvet før ein går i gang med oppryddinga.
– Det er tryggare å vere på labbane våre enn å sende ungen i barnehagen. Det er lenge sidan det vart forbode med handelsfjøs for dyr for å hindre smittespreiing, men barnehagane er i prinsippet dei nye handelsfjøsa for småungar. Der florerer det med streptokokkar og andre bakteriar og virus, som det hender blir spreidd vidare til familiar og pårørande og tek livet av sårbare eldre, seier Sørum.
Med dette sagt, har ikkje alt alltid vore som det burde vere på Veterinærhøgskolen heller. Det kom for dagen i 2001, då både Sørum og professor Kåre Fossum, som den gongen hadde ansvaret for bakteriesamlinga ved Veterinærinstituttet, etter bestilling frå FBI vart kalla inn til avhøyr hjå Kripos.
Etterforskarane prata inngåande med alle i verda som dei visste at hadde miltbrannbakteriar lagra:
– Dei ville vite alt frå kva slags kvalitet Veterinærhøgskulens miltbrannbakteriar hadde og kven som hadde tilgang til dei. Dei ville også sjå dokumentasjon på sikkerheita vår.
Spesielle sikkerheitslaboratorium
Det vart raskt slått fast at det ikkje var dei norske bakteriane som tok uskuldige menneskeliv i USA, men også at dei norske bakteriane slett ikkje var forsvarleg sikra. Nøyaktig korleis bakteriane var lagra den gongen fortel Sørum ikkje, men konstaterer at «ukunne også er ei god sikring».
Slik er det ikkje lenger. Dei siste åra har det vore krav om at bakteriar som er svært sjukdomsframkallande for folk eller dyr skal handterast i heilt spesielle sikkerheitslaboratorium. Eit slikt er det berre Veterinærinstituttet som har på det veterinære fagområdet. Det er altså dei som oppbevarer dei farlegaste bakteriane no.
Professor Henning Sørum vedgår at den nye praksisen seier sitt om kva for risiko som faktisk fanst på Veterinærhøgskulen den gongen i 2001.
– I dag er miltbrannbakteriane plassert bak tjukke lag med stålstengsel og ekstra låsesystem som berre nokre heilt få har tilgang til. Staden har også eit trekantvarsel som seier at ved brann skal heller ikkje brannfolka gå inn dit bakteriane er lagra.
– Då får heller heile bygningen brenne ned.
Kjelder:
nytimes.com/2010/02/20/us/20anthrax.html
https://archives.fbi.gov
reuters.com/article/us-usa-anthrax-idustre61i52t20100219