nyhende

Hildegunn og Leif-Per skal ut på vegen igjen – men Kringkastingsorkesteret må bli heime

Den utrøyttelege Hildegunn Moltubakk og den drosjekøyrande eks-svogeren Leif-Per skal turnere store delar av Sør-Noreg i 2024 og 2025. Det startar i Ålesund i september, der dei alt har selt rundt 3.000 billettar.

Publisert Sist oppdatert

– Vi er heilt overvelda over responsen. Så mange selde billettar sju månader før premieren er ikkje til å tru, seier Hildegunn, alias Fredrik Steen og Leif-Per, alias Ørjan Liavåg, nærmast i kor. 15 førestillingar blir det på nyoppussa Løvenvold Theater i Ålesund, og etterpå står store delar av Vestlandet for tur.

Og så blir det show på sjølvaste Chat Noir i hovudstaden i januar 2025. Showet har fått tittelen «Hildegunn og Leif-Per – utan Kringkastingsorkesteret».

Nei, det skulle ha teke seg ut. For dei to komikarane, kompisar sidan dei gjekk i same klassa på Ulstein vidaregåande skule på 1980-talet, skal gjere det meste sjølv på denne turneen. Så får Kringkastingsorkesteret heller bli med ein annan gong.

15 år sidan sist

Det er 15 år sidan Hildegunn og Leif-Per sist var på scena, og mykje har skjedd. Hildegunn har blitt bestemor, ho er skilt frå mannen Per-Leif, og alle borna har i hovudsak flytta ut. Men det betyr på ingen måte at det er stilt og roleg heime i einebustaden hennar. For no har barnebarna kome inn i manesjen.

Dottera Britt-Bente har fått fire barn med fire ulike fedrar, og ho har inntil vidare flytta tilbake til barndomsheimen. Det betyr at det fell ein del barnepass på mormor. For dottera må også ha tid til å dyrke kjærleiken saman med den nye kjærasten sin, Kay-Kenneth Kvangardsnes, som blir karakterisert som ein «bad boy med glimt i auget».

Rikeleg med kvardagsproblem

Det er særleg Per-Sindre Moltubakk Gutierrez, sonen Britt-Bente har etter eit eventyr med ein spanjol, som set tolmodet på prøve hos Hildegunn Moltubakk. Han har på mange måtar teke over rolla som den ikkje så reint lite hyperaktive sonen Hans-Robert Moltubakk hadde i heimen tidlegare.

Hans-Robert har forresten flytta til hovudstaden, der han har gjort lynkarriere i reklamebransjen for evna si til å tenkje utanfor boksen

Til alt overmål er faren til Per-Sindre, Pablo Emilio Gutierrez, flytta til bygda for å vere meir saman med sonen. Så Hildegunn og Leif-Per har rikeleg med kvardagsproblem å snakke om

Lågare stemmeleie

– Hildegunn har nok vorte litt rolegare med åra, og stemmeleiet hennar har også gått litt ned. Eg klarer ikkje å presse stemma mi like høgt lenger. Eg må berre be om orsaking til alle som syntest frekvensen var plagsam, ler Fredrik Steen.

– I alt trur eg at Hildegunn pratar litt mindre og litt rolegare no, medan Leif-Per har vorte meir pratsam. Han sa ikkje så veldig mykje tidlegare, men er absolutt meir verbal no. Men han er framleis ein litt mystisk, og sjølvsagt singel, repliserer Ørjan Liavåg.

Dei to fortel også at dei opplever at rollefigurane deira har blitt meir intelligente med åra, med eit litt utvida perspektiv samanlikna med då dei starta opp for vel eit kvart hundreår sidan.

– No må du pinadej ta deg saman

I tillegg til å ha huset fullt av barnebarn har Hildegunn fått seg deltidsjobb på Cubus etter skilsmissa frå Per-Leif, broren til Leif-Per. I det siste har ho også prøvd seg som mental coach, der ho gir råd til kvinner som treng hjelp til å kome seg gjennom kvardagen og bli ei betre utgåve av seg sjølv.

– Hildegunn har eit litt spesielt konsept. Råda hennar kan eigentleg kokast ned til dette: «No må du pinadej ta deg saman», eit konsept ho førebels er åleine om. Og ho vil berre ha ein time med kvar klient, fortel Fredrik Steen. Så det spørst korleis denne geskjeften vil utvikle seg.

– Det var eigentleg pandemien som gjorde at vi børsta støv av Hildegunn og Leif-Per. Vi sat der plutseleg utan noko spesielt å gjere, og sidan det hadde blitt så populært med podkast, så ville vi også prøve det. No har vi nesten 80 podkastar bak oss, ein for veka, og lyttartala har auka veke for veke, legg han til.

Heile Vestlandet

Premieren på det nye showet skjer altså i Ålesund 26. september, og sidan blir det Molde, Kristiansund, Brattvåg, Fosnavåg, Nordfjordeid, Førde, Florø, Sogndal, Bergen og Stavanger. Dei jobbar også med å få plass til Trondheim, og dei to sunnmøringane har også eit håp om å kunne ta med seg figurane sine til Nord-Noreg.

Før alt dette skal dei spele i Ulsteinvik 8.- og 9. mars, men det er ikkje med den nye førestillinga. Men dei kjem nok til å teste ut litt frå det nye showet den helga, fortrur Steen og Liavåg oss.

Parhestane lovar publikum mykje moro, både verbalt og musikalsk. Dei har hatt same mottoet heilt sidan dei starta Hildegunn Moltubakk-eventyret på 1990-talet:

«Det skal vere kjekt».

Powered by Labrador CMS