nyhende
Hevdar barnehagetilsette ikkje er blitt involverte
Vestavind er blitt kjent med innhaldet i eit skriv som Bua kultur- og friluftsbarnehage sende ut til alle foreldre torsdag. Her blir det mellom anna hevda at at dei tilsette ikkje er blitt involverte i prosessen med å sikra vidare drift av barnehagen.
«Det har den siste tiden vært mange prosesser i bygda som har gått over hodet på oss her i barnehagen og som vi ikke har vært en del av. De ansatte i barnehagen har per dags dato ikke mottatt noen som helst foresøprsel om å opprette et samarbeid eller om en ønsker å være med å fortsette i en eventuell ny barnehage», skriv barnehagen mellom anna.
I skrivet blir det også retta kritikk mot bygdemøtet onsdag. Der var tilsette til stades, men valde å forlata møtet samla på eit visst tidspunkt.
– Opplevde det som kritikk
«Vi opplevde hele møtet som kritikk og hån mot vår barnehage og valgte derfor å forlate møtet», skriv barnehagen i brevet til foreldra, som elles ikkje er signert. Me har spurt barnehagestyrar Silje Huse om ein kommentar.
I ein SMS til Vestavind svarar ho at ho ønskjer ungdomslaget lykke til med sitt initiativ for å oppretthalda barnehagetilbodet. Så legg ho til:
«Men i den forbindelse har jeg også et ansvar for å dele vesentlig informasjon med foreldrene til barna i barnehagen. At de ansatte i barnehagen så langt ikke har vært involvert i denne prosessen, mener jeg foreldrene bør kjenne til i god tid før søknadsfristen for barnehageplasser går ut 15. februar.»
– Uforståeleg kritikk
Styreleiaren i Bua ungdomslag, Nils Haktor Bua, synest utspelet frå barnehagen er leitt og uforståeleg. Og påstandane i skrivet stemmer ikkje, hevdar han.
– Me har ønska dialog med dei tilsette. Difor tok me skriftleg kontakt med barnhagestyraren dagen etter foreldremøtet 4. januar der det blei informert om at Bua kultur- og friluftsbarnehage vil bli lagt ned til sommaren. Barnehagestyraren ville at all kommunikasjon med dei tilsette skulle gå gjennom henne. Me prøvde også å få til eit møte. Dette blei avvist fleire gonger. Først to dagar før bygdemøtet 24. januar fekk arbeidsgruppa til eit møte med barnehagestyraren. Fem dagar før bygdemøtet sende arbeidsgruppa e-post til alle tilsette i barnehagen, seier Bua.
– Kommunikasjon er utfordrande
Han legg til at det heile tida har vore ein føresetnad at dei tilsette måtte bli med vidare dersom det skal lykkast å få til vidare barnehagedrift.
– Kommunikasjon er utfordrande. Me kunne sikkert prioritert kontakten med dei tilsette høgare på eit tidleg stadium. Bygdemøtet 24. januar trur eg dei aller fleste opplevde som ein stor hyllest av barnehagen på Bua og alt det kreative dei tilsette har fått til. Eg håpar framleis me kan finna fram til ei snarleg god løysing, seier Bua.
Vestavind har også vore i kontakt med Espen Helvig, som både er med i samarbeidsutvalet (SU) i barnehagen og i arbeidsgruppa som arbeidar for å sikra vidare drift. På bygdemøtet var han ein av fleire som skrytte svært mykje av dagens barnehagetilbod. Helvig vil ikkje kommentera skrivet frå barnehagen til foreldra.
Spørsmål om godkjenning
I samband med debatten om vidare barnehagedrift på Bua har det vore reist spørsmål om eigarskifte vil krevja ny godkjenning av barnehagen. Me har stilt spørsmålet til kommunalsjef for oppvekst og kultur, Elisabeth Nygaard. Ho svarar dette i ein e-post til Vestavind:
– Dersom Sveio kommune får ein søknad frå Bua om godkjenning etter barnehagelova § 6, vil me ta ei vurdering på om dette vil krevja ny godkjenning i tråd med §14 i barnehagelova.
Nygaard viser elles til retningsliner frå Utdanningsdirektoratet der det mellom anna heiter:
Om ein barnehage endrar organisasjonsform og organisasjonsnummer, krev ikkje det ny godkjenning utan vidare. Kommunen må vurdera kor store dei faktiske endringane er.