nyhende

King Oscar har i det siste prøvd å lansera nokre nye produkt. Dei har vist seg å slå an, også i utelivsbransjen. Foto: Emil Askvik Hosøy/ NPK
King Oscar har i det siste prøvd å lansera nokre nye produkt. Dei har vist seg å slå an, også i utelivsbransjen.

Hermetisk fisk sym medstraums

Både produsentar og utestadar melder om solid auke i ei litt spesiell varegruppe.

Publisert Sist oppdatert

– Kva var det de tenkte på?

Dag Gjertsen, marknadssjef i sjømatselskapet King Oscar, ler godt. Han er ein av dei som står ansvarleg for å ha lansert eit produkt møtt med vantru, latter og nyfikne blant det norske folk – makrell i boks med pizza- eller tacosmak.

– Me ønskte å gjera noko gøy, då, svarar Gjertsen, og forklarer.

– Litt nisje

– Me såg det var nokre ting som danna grunnlag for dette. For det fyrste er det somme som tykkjer at tradisjonell makrell i tomat smakar for mykje fisk, så det har vore ein barriere. Dessutan er det eit produkt med litt søl, som ikkje alltid eignar seg for barneforeldre, så me ville laga noko som var lettare å smørja på skiva.

Gjertsen seier dei såg rom for å utvikla nye smakar innan hermetisk fisk, eit felt som ikkje akkurat er prega av høg innovasjonstakt, i det minste ikkje i Noreg. Etter nokre undersøkingar kom dei raskt fram til at det var desse to smaksvariantane som kom til å slå best an hjå dei kundane dei ville nå.

– Det er litt «crazy», men me ønskte å gå utanfor boksen. Bokstavleg talt.

– Sel det godt?

– Lat meg seia det slik: det er litt nisje, og det visste me, men me ser at det har trekt til seg nye forbrukarar. Me ville appellera til born og foreldre, og det ser me på statistikken at me har klart.

King Oscar

Det som derimot sel riktig godt er dei tradisjonelle produkta til King Oscar. Gjertsen seier dei har sett ein auke over tid, og at det særskild har skote i vêret dei siste tre månadane.

I denne perioden har salet av sardinar i olje vakse med 13 prosent rekna i volum.

Det har også salet av anna hermetisk fisk, og spesielt tunfisk. Tunfisk i olivenolje har vakse med 22 prosent i same periode, medan auken for tunfisk med chili er på heile 53 prosent.

Den same trenden kunne Norgesgruppen melda om i september. I eit intervju med NRK fortalde kommunikasjonssjef i konsernet Kine Søyland at salet av sild og brisling hadde gått opp med 119 prosent på to år. Rema 1000 melde om nær 20 prosent auke sidan i fjor.

– Me ser gjerne at slike trendar oppstår på restaurantar og i spesialforretningar. Det me ser no er at ein del restaurantar tar dette inn på menyen, seier Gjertsen.

Uteliv

Det merkar dei også i den norske utelivsbransjen. For ti år sidan ville det vore heilt utenkjeleg for dei fleste å gå ut på byen og tinga ein boks sardinar og eit glas vin.

Slik er det ikkje lenger, fortel Klint Andreas Snoken Kvamme.

Han er sjef på utestaden Fat City på Grünerløkka i Oslo, noko han har vore sidan han starta staden for tre år sidan. I tillegg til ein liten meny med mellom anna blåskjel og kransekake (ikkje i same rett), serverer han også eit utval boksar med sild og brisling.

Klint Andreas Snoken Kvamme, sjef på vinbaren Fat City, seier hermetisk fisk er populært saman med eit glas vin og litt brød.

– Me har fransk sild og nordisk brisling, og dei knivar om å selja mest. Nokre kjem innom og seier at dette er då ikkje middag, medan andre spør om dei får kjøpa med seg heim, så det er eit stort spenn.

– Kvifor vel de å servera dette?

– Det kjennest naturleg. Me har ikkje så stort kjøken, og det er avgrensa kva me kan laga, men noko må me tilby. Det sel godt, men starta litt i naud. Slik sett står det i hermetikkens teikn.

Dei under førti

All slags menneske er innom, fortel Kvamme, men akkurat fisken er nok mest populært blant dei under førti.

– Det sel nok best blant dei mellom 23, kanskje, og førti. Det er hovudkundane. Det kan gjerne koma eit par jenter i 20-åra som skal kosa seg. Då kjøper dei ein boks hermetikk og eit godt glas Chardonnay, til dømes.

Dei eldre, derimot, er mykje meir skeptiske.

– Dei eldre tykkjer gjerne det er feil å eta boksmat ute på byen. Dei vaks opp med at det var noko ein berre åt heime. Eg er litt spent om det kjem ein motreaksjon, at folk er dritlei om fem år, eller at neste generasjon hatar det fordi det var noko foreldra deira åt mykje av.

Ein renessanse

Dag Gjertsen i King Oscar er ikkje i tvil om at fiskesalet er ein trend. Pilane i Noreg har peika den vegen det siste året, men i utlandet har salet auka i årevis.

Den største eksportmarknaden til selskapet er USA, og der har salet berre gått oppover sidan pandemien.

På Fat City serverer dei både nordisk brisling og fransk sild. Dei er like populære.

– Der fekk fisk på boks ein renessanse under koronaen. Folk slutta å gå ut å eta, men ville framleis ha ei restaurantoppleving. Då byrja mange å laga tapas med hermetisert sjømat, og det vart ein trend på Tiktok.

Gjertsen meiner det er mange gode grunnar til å eta fisk på boks i dag. Ikkje berre er det sunt, det er også praktisk.

– Fisken vår kryssar liksom av på alle boksane. Han er ikkje ultraprosessert, han er næringsrik og ei naturleg råvare, han er berekraftig og har lang haldbarheit.

Trass i at fisk som sardinar, brisling og tunfisk er i sterk vekst, er det likevel framleis klassikaren makrell i tomat som er bestseljaren her heime.

– Det er nummer éin. Det er kvardagskost, og alle et det, både vaksne og born.

Powered by Labrador CMS