Det hadde ikkje blitt rare Lucia-toget om Vestavind skulle ha arrangert det. Men kva gjer vel det når verdas blidaste kommunetilsette kjem syngande inn døra med ordføraren i spissen. Ekstra frukost blei det også med nydelege lussekattar frå Haugli bakeri.
Vestavind var nest siste stopp på togturen etter at kvar ein krik og krok på kommunehuset hadde fått besøk av den blide gjengen. NAV sto for tur då Lucia-toget hasta vidare i regnvêret.