nyhende
Her vil det kunne blåse orkan laurdag
Uvêret som meteorologane har berekna vil treffe også Sveio laurdag kveld, opplevast i snitt berre kvart tiande år. Det er varsla orkan styrke i kasta. Bølgene kan bli ni meter høge.
Det er sendt ut oransje farevarsel for vindkast på mellom 38 og 42 i Rogaland, og gult farevarsel for vindkast mellom 30 og 37 i Hordaland mellom klokka 20 laurdag kveld og klokka 6 sundag morgon.
— Sidan Sveio ligg akkurat i grensa, kan ein legge til grunn vindkast mellom 30 og 42 i kommunen, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga, Julie Solsvik Vågane til Vestavind.
Orkan styrke i kasta
Grensa for orkan styrke på 33 sekundmeter.
Ho opplyser at oransje farevarsel for vind har ein såkalla returperiode på 10 år. Gult farevarsel har til samanlikning returperiode på 2 år.
I klartekst betyr det at så sterk vind som kan treffe Sveio laurdag, kjem i snitt berre kvart tiande år på enkeltstadar i Noreg.
Vêret vil kunne påverke transport både til sjøs og på land, og faren for både flygande trampolinar og trefall er stor.
— Ikkje oppsøk strandsona
Meteorologen åtvarar folk mot å ferdes i strandsona frå laurdag ettermiddag, det er meldt om bølgehøgde langs heile kysten av Vestlandet, frå Åna Sira i sør til Stad i nord, på inntil fire meter laurdag, og heilt opp mot 9 meter natt til sundag.
— Vil det vere farefullt å oppsøke til dømes Ryvarden fyr?
— Bølger i kombinasjon med sterk vind vil vere ei stor utfordring langs heile kysten. Vår anbefaling er å ikkje oppsøke utsette stadar så lenge farevarselet gjeld, seier ho.
Flokehyttene skal tåle orkan
Leiar i Haugesund Turistforening, Tore Haugen, opplyser i ein SMS til Vestavind fredag, at dei ikkje har sett iverk spesielle tiltak knytt opp mot dei populære Flokehyttene ved Ryvarden fyr.
Hyttene er bygd for å skulle tåle ein orkan.
Den sterke vinden og dei høgaste bølgene langs kysten er venta å roa seg utover sundagen.
Farevarselet gjeld fram til klokka 6 sundag.
Mykje nedbør natt til laurdag
Statsmeteorologen legg til at det er sendt ut gult farevarsel for nedbør, som også gjeld for Sveio, frå fredag kveld.
— Det vil regne godt fredag kveld og natt til laurdag, det er venta mellom 50 og 70 millimeter nedbør på 12 timar, opplyser ho.
Statens vegvesen åtvarar om svært vanskelege køyreforhold, redusert framkommelighet og i verste fall stengde vegar og fjellovergangar i Sør-Noreg frå laurdag ettermiddag.
– Vi ber trafikantane følgje ekstra nøye med på vêrmeldingane og på trafikkmeldingar frå Statens vegvesen, seier avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap Nils Karbø i Statens vegvesen til NTB.
Vegvesenet har sett i gang ekstra overvaking og beredskap, og dei koordinerer tett med andre beredskapsstyresmakter, opplyser Karbø.
Kjem frå Danmark
– Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar. På førehand vurder tiltak for å avgrense skade, skriv dei på varsom.no.
Vinterstormen er det same kraftige vêret som er varsla i Danmark og Sverige. Danskane har valt å døype vêret Malik.
Nilssen seier at i Noreg har ein ikkje for vane å namngi vêret før det når raudt farevarsel.