nyhende

Sveio soknehus blir arena for dei som skal vaksinerast i neste veke. Seks personar frå helse og omsorg er med for å losa folk til rett plass, før og etter stikket.
Sveio soknehus blir arena for dei som skal vaksinerast i neste veke. Seks personar frå helse og omsorg er med for å losa folk til rett plass, før og etter stikket.

Her stiller mannskap med sprøyter og munnbind neste veke – har plass til fleire på vaksinasjonslista

Tysdag og torsdag neste veke er eit team på ti frå helse og omsorg klare på Soknehuset. Då skal sveibuen vaksinerast mot influensa.

Publisert Sist oppdatert

Influensavaksine kan ein få sett hos fastlege eller på apotek, men for å unngå press på legekontora, arrangerer kommunen i år to massevaksinasjonsdagar.

– Grunnen til massevaksinasjon, er for å unngå press på legekontor og venterom, opplyser kommunalsjef Ingunn Toft til Vestavind.

Plass til fleire

Tilbodet blei annonsert i Vestavind som kom ut 22. oktober, det var mange som ringte same dag.

– Eg reknar med at det er eit rush med telefonar i dag også. Eg håpar at fleire tok kontakt, for me har god kapasitet. Totalt kan me vaksinera 900 på desse to dagane, seier Toft.

Frist for å bestilla tid er i dag, fredag, men dersom nokon kjem på å bestilla time på måndag, vil dei få komma med.

Avstandsreglar

– Årsaka til at folk må bestilla, er at me må ha eit visst overblikk over kor mange som kjem i forhold til smittevernomsyn. Me skal spreia folka, og handtera avstandreglane. Alle vil få munnbind, opplyser Toft.

Tilbodet er i hovudsak for dei i risikogruppa. Det er flest eldre over 65 år som har bestilt seg time til no, og det er viktig å få med at oppmøtestad er på Soknehuset i Sveio sentrum.

Frå morgon til ettermiddag

– Dei første puljene kjem klokka kvart på ni tysdag, og halv ni på torsdag. Me held på til klokka fem og halv fire, slik at dei som er på arbeid også kan få høve til å komma.

Kommunevernlege Ståle Andreassen vil også vera tilstades desse dagane for å ha overoppsyn.

Powered by Labrador CMS