nyhende
Her skjer viltpåkøyringane i Sveio
I 2021 vart det registrert 918 kollisjonar i Vestland mellom bil og vilt i fylket, av desse skjedde 28 av påkøyringane i Sveio.
Forsikringsselskapet Gjensidige har gått gjennom statistikk frå Miljødirektoratet sitt hjorteviltregister som viser kvar og når viltpåkøyringane skjer. Berre dei to siste månadane er 216 dyr i Vestland fylke påkøyrt og skadd.
– I tida framover må bilførarar vera ekstra merksame på at det plutseleg kan dukka opp dyr i vegbana. Fleire av dei meir alvorlege ulukkene skjer frå no av og gjennom vinteren, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.
Meld frå viss du køyrer på dyr
Ifølgje viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge, har tal viltpåkøyrslar i trafikken auka i høve til i fjor, og dei fleste påkøyringane skuldast rådyr. Totalt har 18 rådyr, 9 hjort og 1 raudrev måtta bøta med livet i trafikken i Sveio.
– Alt tydar på at det er mykje vilt i kommunen, særleg i Valestrand har me ei stor hjortestamme, seier Bjørge. Han minner om at ein har plikt til å melda frå til politiet, som igjen kontaktar Viltnemnda, om du køyrer på eit dyr.
– Ettersøksystemet vårt fungerer godt, me har all grunn til å gje god honnør til dei, rosar Bjørge.
Hovedfartsårer mest utsett
Hovedvegar og veg med mykje trafikk kjem naturleg nok høgt på lista over kvar det oftast skjer påkøyringar. Men også her er enkelte strekningar meir utsett enn andre.
– Vêr ekstra merksam og demp farten, spesielt der det er skilta med viltovergang eller fare for vilt. Tidspunkt på dagen har òg noko å seia. Flest ulykker skjer mellom klokka 07.00 og 08.00 på morgonen, og etter klokka 17.00 og fram mot midnatt, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.
Skadar på eige køyretøy ved dyrepåkøyringar blir dekka av kaskoforsikringa på bilen. Hos Gjensidige blir redusert egenandelen med 2 000 kroner og du slepp bonustap ved dyrepåkjørsel.