nyhende

Her kjem hundrevis av solcellepanel

Omsorgssenteret skal verta meir energieffektivt med ein storstilt utbetring. Bygninga skal etterisolerast og taket får 311 solcellepanel. – Kan spara hundretusenar av kroner i straumforbruk, seier prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Måkene som har reir på taket til Omsorgssenteret (SOS) fekk uventa besøk på onsdag føremiddag. Då kom fem personar klatrande opp brannstiga for å sjå kor noko av utbetringa av SOS skal kome.

– Arbeidet byrjar i august, seier Andreas Ekrheim frå Sveio kommune.

Som prosjektleiar sit han med det store biletet. Ein del høgdemeter over Sveio sentrum går han gjennom det saman med ordførar Linn Therese Erve (Ap), Arild Frøvik, Bjørn Tollef Hovda og Tor Ivar R. Våge. Dei tre siste er nokre av dei fagfolka som skal utføra prosjektet.

Hundretusenar av kroner

Eit tilskot frå Husbanken på fem millionar skal nemleg betala for etterisolering og solcellepanel. Og enda betre, det vil ikkje kosta Sveio kommune noko.
Omsorgssenteret har ideelle forhold for solcellepanel meiner prosjektleiaren.

– Her er det drift heile døgnet og toppen av straumforbruket er på dagtid. Det er også då ein produserer mykje straum, seier Ekrheim.

Dei 311 komande solcellepanela er venta å produsera om lag 100 000 kWh årleg, til eit totalforbruk på 1,6 millioner kWh. Etterisoleringa kan kutta forbruket på enda 100 000 kWh forklarar han.

Det vert vel synleg på kommunen sin straumrekning?

– Klart det. 200 000 kWH er kanskje 200 000 kroner, seier Ekrheim og viser til straumprisene den siste tida.

Elektrikar og sjef i Frøvik Elektro Arild Frøvik skyt inn ein merknad.

– Det avheng jo veldig av straumprisen. Kva den er til hausten veit me ikkje, seier Frøvik.

Det vil seia at om prisane nok ein gong vert høge i haust og vinter, så kan innsparinga vera enda meir.

– Hovudmotivet er å auka eigen straumproduksjon, seier Ekrheim.

Det største prosjektet

Før dei kan setja i gong med å montera solcellepanel må taket utbetrast. Det er veldig viktig at dei gjer når dei først er i gang, forklarar Hovda.
Han er sjef i Signatur Bygg, eit av selskapa som skal jobba med utbetringa.

– Solcellepanela har lengre levetid enn dette taket. Kva vil skje når taket då må fiksast og panela allereie er monterte? Difor er det bra dei ordnar taket også, seier han.

– Taket skal tekkast, nokre ventilar skal flyttast og estetiske påbygg skal bort, seier Frøvik.

Frå installeringa av solcellepanel byrjar i september så vil det teke litt over ein månad, så er dei i gong med å laga straum i oktober.

– Dette er det første offentlege bygget me installerer på, og det største prosjektet med solcellepanel me har hatt, seier Hovda.

– Og det skjer i Sveio! Seier ein glad ordførar.

Vert prosjektet eit mogeleg utstillingsvindauge for andre kommuner?

– Ja det tenkjer eg, svarar ho.

Travel bransje

Erve fortel at slike tiltak har vore ein prioritering hos kommunen i lang tid.

– Me har vore ein føregangskommune. Me gjorde dette på Vigdartun også, seier ho.

Dei er veldig glad for tilskotet, og den 12. juni vart forslaget om utbetring samrøysta i kommunestyret.
Frøvik fortel at dei har det travelt med liknande prosjekt allereie.

– Me er ein del av det grøne skiftet, og me har mykje å gjera framover dei neste 10 til 15 åra, seier han.

Det står att å sjå kor mykje effekt utbetringa vil ha. Men for ein så viktig plass som Omsorgssenteret er kvar krone spart viktig.
Ein kan ikkje skru ned temperaturen, for omsorg krev varme.

Og når det er klart i november så skal det feirast.

Skal dokker opp hit igjen for opninga? Korleis vert eigentleg seremonien?

Hovda bryt ut i eit dollarglis.

– Den vert elektrisk, humrar han.

Powered by Labrador CMS