nyhende

Lisa (3) fekk berre sjå på, men ikkje bruke føysene då ho kom tilbake til barnehagen etter ferien.FOTO: PRIVAT
Lisa (3) fekk berre sjå på, men ikkje bruke føysene då ho kom tilbake til barnehagen etter ferien.

Her får ikkje barna føyse

No er enda eit leikestativ stengt i Førde barnehage. Nye synkehol har dukka opp, og føresette er uroa for tryggleiken til borna sine. Kommunen seier det ikkje er grunn til å uroe seg, og at ein snart vil sende jobben med å ruste opp uteområdet ut på anbod.

Publisert Sist oppdatert

— No er me lei, seier Ruth Bergerson. Ho er mamma til tre år gamle Lisa, som måndag ikkje fekk bruka føysa som ho likar så godt.

Problema med uteområda ved Førde barnehage har Vestavind skrive om fleire gonger før. Sidan i fjor haust har eit større uteområde, med sklie, leikehytte og klatretre, vore avsperra grunna problem med overvatn. I vår var ordførar Linn Therese Erve (Ap) og administrasjonen på besøk i barnehagen. Då lova dei ungar og tilsette betre høve. I etterkant er det sett opp veggar på ei grillhytte og ein sandkasse.

Uroa for grunnhøva

Men då Ruth Bergerson skulle levere dottera i barnehagen måndag, var uteområdet framleis sperra, i tillegg var barnehagen si føyse også blitt stengt.

Det skal vere tredje eller fjerde gongen dette holet oppstår.

— Det verkar som om grunnen under fallunderlaget til leikestativet var laust, fortel ho.

Ho har også lagt merke til eit stort hol i eit parti med brustein.

— Det holet har vore fylt igjen tre eller fire gonger før. No er det der igjen. Kor blir det av massane dei fyller i? Og korleis ser det eigentleg ut i grunnen under føyseapparat og under barnehagen elles? Me veit jo at det er mykje sand og leire i grunnen, seier ho.

Leiar Irene Vihovde i samarbeidsutvalet ved Førde barnehage fortel at ho har etterspurt svar på grunnundersøkingar som var gjort i vår, utan å få svar.

— No må kommunen reagere. Me foreldre kan ikkje går rundt å vere redde for å levere barna i barnehagen i frykt for at noko skal skje, seier ho.

Ho viser til katastrofen i Gjerdrum 30. desember 2020, kor 10 menneskeliv gjekk tapt i eit leirskred, og at føresette vil ha svar på korleis stoda er for grunnen barnehagen står på.

— Ikkje grunn til uro

Driftsingeniør Endre Hope i Sveio kommune opplyser til Vestavind at kommunen sin entreprenør, Norsk Lek og Park AS, er i gang med å undersøke grunnen til føysestativet.

— Det er nok ikkje snakk om mykje som skal gjerast før det kan takast i bruk igjen, seier han.

— Føresette er uroa for grunnen barnehagen står på, har dei grunn til det?

— Det vart føretatt grunnundersøkingar i mai, og det vart ikkje funne noko urovekkande, seier han.

Når det gjeld holet i brusteinen, fortel han at det har regna ein del, og at det er noko av underlaget under brusteinane som er vaska vekk.

— Det ikkje snakk om noko stort hol, og skadane som har oppstått har samanheng med kva som er naturleg livsløp for brustein, seier han.

Han legg til at anbodet for å utbetre området på framsida av barnehagen etter planen skal leggjast ut på anbod i haust. Det er på det reine at kommunen har måtta vente på resultatet frå grunnundersøkingar før ein har kunna sendt det ut. Periodevis låg bemanning på avdelinga i kommunen som har ansvaret for å få ut anbodet, har etter det Vestavind forstår også forseinka arbeidet med anodsgrunnlaget.

— Berre tåpeleg

Leiar for samarbeidsutvalet i Førde Barnehage, Irene Vihovde, er ikkje nøgd med at anbodet ikkje har gått ut enno.

Dette området har vore avstengt sidan i fjor haust. Kommunen har sett av midlar til opprusting, men jobben er enno ikkje sendt ut på anbod.

— At kommunen enno ikkje har fått sendt oppdraget med å ruste opp uteområdet ut på anbod enno, er berre tåpeleg. Skulle det bli slik at dei ikkje får dette ut med ein gong, risikerer me at jobben som gjerast må vente til neste år grunna frost i bakken, fryktar ho.

Ho understrekar at dei føresette er veldig nøgde med barnehagen og dei tilsette der, men at dei er særs skuffa over at kommunen ikkje har kome lenger med å ruste opp uteområdet i barnehagen.

— Det er rett og slett ikkje godt nok av Sveio kommune, seier ho.

Powered by Labrador CMS