nyhende

Elisabeth Lie Nilsen er leiar for Nav Marked i Nord-Rogaland.FOTO: GRRETHE NYGAARD/NAV
Elisabeth Lie Nilsen er leiar for Nav Marked i Nord-Rogaland.

Her er utdanningane som vil sikre deg jobb på Haugalandet

Arbeidsmarknaden utviklar seg raskt og nye yrke oppstår i rekordfart. — Difor må du ikkje lytte for mykje på foreldra dine når du skal ta studievalet ditt, åtvarar Elisabeth Lie Nilsen i Nav.

Publisert Sist oppdatert

Er du i tvil om kva utdanningsveg du skal ta? Då har leiar for Nav Marked Nord-Rogaland, Elisabeth Lie Nilsen følgjande råd:

— Hugs å ikkje ta ditt studieval basert på kva venninna di eller kameraten din skal gjere. Og ikkje lytt for mykje på foreldra dine, seier ho.

Ho rådar eleven til å sette av god tid til å undersøke mogelegheitene.

— Bruk internett, send nokre e-postar og meldingar på Facebook. Ta kontakt med onklar, søskenbarn, foreldre til vener og spør kva dei driv med og kva jobben går ut på, rådar ho.

Ho trekk og fram Jobbkompasset på nettstaden utdanning.no, eit digitalt verktøy kor ein kan søke på yrke etter kva felt ein er interessert i, og få svar på utdanningsveg ein kan ta for kome dit.

Framtida på Haugalandet

Nilsen er ikkje i tvil når Vestavind spør om kva utdanningsretning som er tryggast for dei som ønskjer å gå ut i fast jobb om ein vil bu på Haugalandet etterpå.

— Helsefagleg utdanning gir størst sjanse for å gå rett ut i jobb no, seier ho.

Ho viser til eldrebølga som allereie har byrja å rulle med kraft innover regionen.

På nettstaden utdanning.no kan du bruke Jobbkompasset til å orientere deg i kva yrke som fins, og kva utdanning du må ha for å få ein slik jobb. SKJERMDUMP: UTDANNING.NO

Ho seiar at sjukepleiar vil vere det mest jobbsikre, men at det også innan andre formar for helsefag vil vere manko på arbeidstakarar i åra som kjem. 

— Alt frå legar til fysioterapeutar, helsefagarbeidarar og helsesekretærar, seier ho.

Og ho legg vekt på at det vil vere særleg etterspurnad etter menn i helsefaga.

Eit anna felt som står sterkt i vår region er industri.

— Der er det eit enormt spekter av spennande jobbmogelegheiter, og det anbefaler eg ungdommen å sjekke ut, seier ho.

Og ho er klar på at industrien også passar for jentene.

— Det finst til dømes få kvinnelege sveisarar. Dei er etterspurde, fordi dei er flinke. At det er så få jenter som utdannar seg den vegen, tru eg gjerne heng saman med at dei har eit feil bilde av kva yrket som sveisar går ut på, seier ho og anbefaler fleire å sjekke ut industrifaga.

Nilsen peikar også på at det finst mange lokale nisjebedrifter, som tar mål av seg til å vere ein del av det såkalla grøne skiftet, og her vil det kome mange spennande jobbar framover, trur ho.

Verdifullt med fleire fag

Også innan IT-faget vil mogelegheitane vere mange framover.

— Det er eit kjempestort yrkesfelt og eit ganske sikkert val for framtida, seier ho.

Ho viser til at det ikkje berre er dei klassiske IT-verksemdene som vil trenge folk, men også i stadige nye næringar.

Og ho legg til at fleirfaglegheit vil vere verdifullt i arbeidslivet.

— Om du til dømes har sjukepleie i botn, og IT på toppen, vil det vere ettertrakta i ei verd kor me kjem til å ta i bruk stadig meir velferdsteknologi, seier ho.

Fleire unge vel litt smalare fag i utdanningsløpet sitt. Dei kan oppleve at det er meir krevjande å finne jobb etter skulen.

  Vi anbefaler absolutt å ta høgare utdanning. Men tar ein ei litt spissa eller spesiell utdanning, må ein vere førebudd på at det då kan gå litt tid før ein finn draumejobben, i alle fall om ein vil busette seg på Haugalandet. Dette grunna liten rotasjon i dei aktuelle stillingane. Difor kan det vere smart for desse å ha ein plan B i jobbmarknaden, seier ho.

Til sist oppmodar ho dei unge til å tenke på korleis dei skal bygge CV-en sin.

— Det er viktige å vise engasjement. Delta i det frivillige, til dømes vil det å vise til at du har vore frivillig i språkkafeen deira telje positivt. Det same vil det å kunne vise til at du har hatt ein deltidsjobb gjere, seier ho.

Ho viser til at dei fleste arbeidsgjevarar ser etter folk som viser at dei engasjerer seg.

— Når ein arbeidsgjevar skal rekruttere, er det ikkje noko godt teikn om søkjaren berre har «gått og slengt», poengterer ho.

Powered by Labrador CMS