nyhende
Her er det tenkt å byggja ny barnehage
Seks år fram i tid er det venta at det skal koma fleire ungar i Sveio-krinsen. Det er lite ledig kapasitet og god etterpurnad etter barnehageplassar i området – no er det vedteke å gå vidare med planane om eitt nytt kommunalt barnehagebygg.
Eit ferskt vedtak frå kommunestyrepolitikarane måndag kveld fortel at den kommunale Sveio barnehage skal få nytt bygg i Sveio sentrum. Denne avgjerda stod Sveio Ap, Sveio Frp, Sveio SV og dei to uavhengige representantane for, med eit fleirtal på 14 av 25 stemmer.
Ville venta
Det betyr det var ikkje alle som meinte at det var rett å gå for ein ny barnehage no. Høgre, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti stemde for å rehabilitera den 32 år gamle barnehagen fram til dei såg eit reelt behov for fleire barnehageplassar. Per 2021 er det rundt 120 ledige barnehageplassar i Sveio, spesielt på Ekrene.
– Det er mykje ledig og synkande barnetal. Basert på ledige plassar og kjende barnetal, ber me rådmannen om å leggja vidare arbeid med Sveio barnehage på is, i påvente av relle barnetal som underbyggjer behovet, sa John Kristian Økland frå Sveio Høgre.
Av saka går det fram at barnehagane i Sveio sentrum har hatt stabile søkartal og lite ledig kapasitet medan etterspurnaden etter barnehageplassar har gått ned elles i kommunen. Av framskrivingar av barnetal for Sveio krins, er det venta at det er behov for fleire barnehageplassar i 2027. Det er ikkje venta at det vil gå ut over etterspurnaden i andre krinsar.
– Essensielt
Håkon Skimmeland frå Sveio Ap påpeikte at det ikkje blir rett om småbarnsforeldre busett i Sveio sentrum skal køyra langt for å dekka opp plassar i barnehagar i andre krinsar.
– Det er eit behov for barnehageplassar i Sveio sentrum, og ikkje ellers i kommunen. Det er heilt essensielt. Det vil vera forferdeleg dårleg marknadsføring om Sveio kommune og Sveio sentrum ikkje betrar tilbodet nå, sa Skimmeland, og viste spesielt til det nye byggefeltet Sveiåsen 3.
I tråd med anbefalingar
Å vedta å byggja ny barnehage, er i tråd med rådmannen sine anbefalingar. Det er no venta å sikra nok barnehageplassar når etterspurnaden aukar, og meir effektiv barnehagedrift og dermed betre økonomi, i følgje saka.
Nye Sveio barnehage er planlagt med fire avdelingar og seks plassar til forsterka avdeling. Det gir til saman 78 barnehageplassar, eller 102 alderskorrigerte plassar (gitt store barn på forsterka
avdeling). Det blir lagt vekt på at det er viktig å bygga barnehagen slik at den seinare kan utvidast om naudsynt
Etter forslag frå Sveio Ap, blei det samrøystes vedteke å byggja barnehage i det sørvestlege hjørnet av gnr 40 bnr 59. Dette er jordet vis-a-vis Sveio kyrkje, området ligg grovt forklart mellom Kyrkjebakken og Vassbakken.