nyhende

Bilde frå den nye SunnhordlandfillmenFOTO: SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND
Bilde frå den nye Sunnhordlandfillmen

Her er den nye Sunnhordland-filmen

Ein ny «reklamefilm» for Sunnhordland er skipa. Håpet er at den skal trekke fleire folk til regionen. Sjå filmen lenger ned i saka.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje ei pressemelding frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland er Sunnhordland er synonymt med både industrieventyr og naturleg idyll—eit kontrastanes rike. Dei siste åra har regionen òg markert seg innan det grøne skiftet. Det nyttast for alt det er verdt i den nye Sunnhordlandsfilmen, som vert lansert i desse dagar.

– Filmen me no lanserer er eit ledd i dette. Me står ovanfor ein situasjon kor regionen kan tilby attraktive jobbar innanfor alle sektorar, men me manglar folk. Regionen må stå saman i denne marknadsføringa og det strategiske arbeidet med å få folk til busetje seg her, seier Tora Haslum Myklebust i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Filmen er ei brikke i eit større bu – og omdømmearbeid som samarbeidsrådet jobbar med.

I tillegg til eit fantastisk utval av arbeidsplassar, så vil prosjektet Bu i Sunnhordland jobba strategisk med inkludering og fastankring.

— Me skal synleggjere den flotte regionen vår og moglegheitene her i samarbeid med næringslivet, kommunane og Atheno. Uansett korleis du vil leve livet ditt, er det rom for det i Sunnhordland, seier Haslum.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har som ei av sine oppgåver å formidla regionens mange trekkplaster for innbyggjarar so vel som tilflyttarar. Å hente sistnemnde gruppe til regionen er eit av hovudmåla, heiter det i pressemeldinga.

Sjå filmen her (saka held fram under videoruta)

Den nye Sunnhordlandsfilmen er tenkt ut, skreve og produsert av Tada. Med seg på laget har dei fått filmfotograf Simen Sanbæk Skari.

— Me har jobba utanbys sjølv, og har spelt på våre eigne følelsar før og etter me flytta heim att, seier Ingrid Rommetveit i Tada.

Powered by Labrador CMS