nyhende
Her blir butikkeigar Åse Marie (47) rørt til tårer av bygdefolket
Avtroppande butikkeigar Åse Marie Økland vart overraska på jobb med blomar litle julaftan. Sambygdningar frå Auklandshamn ville gje ho ei gåve for alt ho har gjort for bygda. — Skikkeleg rørande, seier Økland.
Litle julaftan. Utanfor nærbutikken i Auklandshamn litt før klokka elleve, skin sola. Det er frost på bakken. Leiar i bygdalaget, Gerd Jorunn Christensen, står på baksida av butikken og ventar på resten som skal kome.
Dei skal overraske Åse Marie Økland med blomar. Ho er drivaren av nærbutikken som ha varsla at ho snart må snart stenge dørene av omsyn til helsa.
— Blomane var Jan Øyvind Gravdal sin idé, seier Christensen.
Innbyggjarane i Auklandshamn er alle triste for at dei mister nærbutikken.
Tidlegare i haust fortalte Økland at grunna sjukdom kunne ho ikkje helde fram med å drifta nærbutikken.
Fleire er uroa for kva som vil skje med bygda utan nærbutikk. Eit folkemøte vart heldt i november i håp om å finne ein løysing. Så langt har dei ikkje funnet ein erstattar.
Fullstendig overraska
Fleire og fleire kjem både køyrande og gåande. Dei er akkurat 20 personar.Ut i frå ei gangsti kjem ei jente løpande med ei nisselue. Ho heiter Lennea Signora Hoel Sakseid. Saman med ei venninne finn ho noko is å skøyte på medan dei ventar på litt til.
Så kjem klarsignalet og eit folketog bevegar seg inn i butikken. Ei overraska Åse Marie Økland blir rørt då ho vert overrekka blomar. Fortsatt straumar det folk inn i butikken hennar, og Christensen seier nokre ord på vegner av bygda.
— Det har vore viktig for bygda. Og det er kjempeleit, det trur eg me alle synast, seier Christensen.
— Eg og, seier ein rørt butikkeigar.
— Me set utruleg stor pris på jobben du har gjort, seier Christensen
— Tusen takk, det har vore kjempekjekt, og gøy og morosamt. Og dette blei veldig sterkt, svarar Økland.
Det er truleg fleire enn berre butikk-eigaren med ein klump i halsen.
— Godt jobba, folkens!
Christensen fortel at det var lett å få folk med, men litt vanskeleg å holde det hemmeleg.
Då byrjar Økland å le før ho forklarar kvifor.
— Eg har ikkje høyrt eit ord. Godt jobbam folkens! Me i butikken pleier å få med oss alt, men vi visste ingenting. Så nå lurar eg på kva som er gale, spøkar Økland til latter frå folkemengda.
Så set Økland ord på kva mange i bygda tenkjer på.
— Det har vore givande å jobbe her, og eg håpar inderleg at det ordnar seg. Eg jobbar iherdig med det.
— Det trur eg med alle kan skriva under på, seier Christensen.
— Det har alltid vore kjekt å drive butikk her, fordi dykkar har alltid vore grei. Då vert det enkelt å yta litt meir, seier Økland.
Med blide fjes på alle kantar spøkar butikkeigaren med at det berre er å stille seg opp på ei rekke for klemming.
Eiga tilknyting
Etter overrekkinga byrjar fleire å gå i gang med litt småprat og handel.
Ein av dei som er tilstades er Geir Bårdsen. Samstundes som han handlar får han gje Økland ein personleg helsing.
— Eg ville berre seie tusen takk for ein god jobb du har gjort, og eg ynskjer deg ein god jul, seier Bårdsen.
— Takk så mykje, svarar Økland.
Lengre inn i butikken står ein glad leiar for bygdalaget. Nærbutikken har ein spesiell betydning for dei fleste i Auklandshamn, og mogelegvis særleg for Christensen.
— Foreldra mine starta drifta av nærbutikken for om lag 38,5 år sidan, fortel ho.
Saman med fleire andre vart ho ståande i butikken ein god stund for sosialisere seg. Og ikkje minst handla.
— Me skal kjøpa noko til ein pakke-leik også, humrar Christensen.
Stenger dørene på nyttårsaftan
Etter ein god del har handla og gått, står det ein takksam Økland igjen. No er det berre litt over ein veke igjen av hennar tid som butikkeigar. Ho synast det var ein flott merksemd å få.
— Det er skikkeleg rørande, seier Økland.
Særleg imponert var ho over ei så vellukka overrasking.
— Vanlegvis er det eg som veit kva som skjer i bygda, men denne gongen vart det meg som blei overraska.
Åse Marie Økland stenger dørene og takkar for seg klokka 12 på laurdag den 31. desember.