nyhende
Henrik Grasdal Larsen: – Turane til «Tons of rock» er eit høgdepunkt
Henrik Grasdal Larsen er trenar for Sveio IL sit A-lag.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Forhåpentlegvis fint vêr! Eg reiser ein del på metalfestivalar, så det forbind eg sterkt med sommaren. Og så er det sjølvsagt ferie på hytta.
Har du ein sommartradisjon du alltid må gjennomføra?
– Eg er alltid på naustet om sommaren. Det har blitt ein fast tradisjon.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Det er vanskeleg å velje eitt, men turane til «Tons of rock» er eit høgdepunkt. Me er ein heil gjeng med sveibuar som reiser saman – det er alltid kjekt.
Kva er favoritt sommarrett og drikke?
– Reker og kvitvin. Og så må eg vel nemne vaksenbrus også.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– Det blir litt festival, tur til Dyreparken med ungane og trulova, og så skal me halda fram med oppussing av huset.
Kva er draumedestinasjonen din – og kvifor akkurat dit?
– Det må vera Spania, spesielt områda rundt Málaga. Eg likar at det er varmt og roleg der – ikkje fullt så mange norske turistar, og då slepp ein å høyra norsk overalt.