nyhende
Helsestasjonen over på Digi helse
Måndag denne veka gjekk helsestasjonen i Sveio over til Digi helse i kommunikasjonen sin med småbarnsforeldre. Seinare kjem også ei tilsvarande løysing for ungdom.
– Føresetnaden for bruk av denne tenesta er at brukarane samtykkar til digital kommunikasjon via helsenorge.no, forklarar leiande helsesjukepleiar Grethe Natås.
Lettare for brukarane
Når samtykket er gitt, kan brukarane og dei tilsette kommunisera med kvarandre på ein trygg måte. Helsestasjonen kan tildela timar og gi utfyllande informasjon om kva ulike kontrollar og liknande vil innebera. Brukarane kan be om endra time dersom den tildelte ikkje passar.
På same måte kan helsestasjonen gi beskjedar for eksempel dersom dei må endra timeavtalar på grunn av sjukdom blant dei tilsette. Når det ligg føre ei ny melding frå helsestasjonen, vil mottakaren få ein SMS eller ein e-post om dette.
Digi helse vil ikkje omfatta helsestasjonen sin kommunikasjon med eldre brukarar, i alle fall ikkje før rinn to – digital kommunikasjon med ungdom – også er gjennomført.
– For innbyggarane i kommunen blir det enkelt å ta kontakt med oss når det passar for dei. For oss blir det, i alle fall i teorien, færre telefonar og SMS-ar å svara på, seier Natås, som likevel reknar med at det kan bli ein del spørsmål å svara på i starten.
Testa i pilotprosjekt
Etter at Digi helse er utprøvd i ein del kommunar, har styresmaktene bestemt at alle helsestasjonar skal gå over til dette systemet. Datoen for innføring vil likevel variera frå kommune til kommune.
– Haugesund var med i pilotprosjektet. Også Tysvær har tatt i bruk Digi helse. Korleis det ligg an i dei andre kommunane rundt oss har eg ikkje oversikt over, seier Natås.