nyhende

Sjukehusa i Noreg har blitt eit attraktivt mål for kriminelle aktørar. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Sjukehusa i Noreg har blitt eit attraktivt mål for kriminelle aktørar.

Helseføretak under konstant cyberangrep

Norske sjukehus står overfor alvorlege digitale trugsmål, ifølgje ein ny trusselvurdering frå Helseføretaka.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten slår fast at spesialisthelsetenesta er eit ettertrakta mål for organisert cyberkriminalitet og trusselbiletet blir vurdert som «svært høgt», noko som tyder at eit angrep er svært sannsynleg, skriv NRK.

Organisert cyberkriminalitet blir vurdert som den mest alvorlege, med kriminelle grupper som dagleg prøver å presse helseføretak for pengar gjennom svindel, skadeleg programvare og datainnbrot. Cyberspionasje frå framande statar og innsideverksemd blir også sett på som høge trugsmål.

– Det er heilt avgjerande at vi har god kontroll på denne infrastrukturen, og sørger for god beskyttelse og motstandsdyktigheit mot avanserte digitale trugsmål, seier Aksel Bruun, informasjonssikkerheitsleiar i Helse Vest IKT til NRK.

Trusselvurderinga påpeikar at sikkerheitssituasjonen i Noreg er meir krevjande enn på lenge. Krigen i Europa og endringar i det transatlantiske samarbeidet set Noreg i ein utfordrande sikkerheitspolitisk situasjon.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS