nyhende

Illusttrasjonsfoto: Eirik Dankel/Helse FOnna

Helse Fonna senkar beredskapen

Etter fleire veker med svært høgt belegg og mange korridorpasientar er situasjonen på sjukehusa i Helse Fonna no meir stabil.

Publisert Sist oppdatert

– Presset i akuttmottaka og på sengepostane er mindre, og sjølv om det framleis er mange pasientar innlagt, så er det ikkje så stort overbelegg lenger, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna i ei pressemelsing.

Han opplyser at sjukehusa totalt sett har betre kontroll, og går difor ned eit beredskapsnivå.

— Men beredskapsleiinga følgjer nøye med situasjonen dag for dag og vurderer kva beredskap vi skal ha, seier han.

Sjukehussjefen registrerer at tiltaka har hatt god effekt.  Måndag morgon var talet på utskrivingsklare pasientar sju. Det er det lågaste talet sidan før jul.

– God og tett dialog med kommunane har hjelpt, og dei har teke imot mange utskrivingsklare pasientar. Vi håpar no å komme i gang att med fleire operasjonar og planlagt aktivitet, seier Klausen.

Powered by Labrador CMS