nyhende
Helse Fonna held fram positiv utvikling
Skryt for samarbeid frå brukarane, kortare ventetid og betre resultat er noko av det som skjedde i Helse Fonna sitt siste styremøte før sommaren.
– Heile føretaket syner ei vidare positiv utvikling innan ventetider, der ventetida går vidare ned for dei som ventar på behandling. Samla ventetid for mai er 52 dagar og ventetida er kortare enn for behandla pasientar innan alle område, noko som gjer at vi forventar ytterlegare redusert ventetid for behandla i tida framover.
– Dette er knytt til systematisk og godt arbeid av leiarar og tilsette i heile verksemda og vil ha eit klart fokus og framover, inkludert tiltaka til Ventetidsløftet.
Slik oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland drifta for mai i ei pressemelding frå Helse Fonna.
Betre pasientflyt og flaskehalser
Men det er også nokre område som ein må ha meir fokus på framover.
–Sjølv om det har vore nedgang i beleggsprosenten for føretaket er trenden aukande dei siste åra. Det er mellom anna sett i verk tiltak for å betre pasientflyt og flaskehalsar, og denne utviklinga må ha fokus framover. Talet på utskrivingsklare pasientar er normalisert, etter å ha vore høgt ved starten av året. Talet på digitale kontaktar har ikkje ei ønskja utvikling. Her er det fleire tiltak under utvikling, og her vil det vere eit vidare fokus, slår Hovland fast.
Bruk av digitale løysingar er ei viktig brikke for å løyse framtidas utfordringar, både i høve til kapasitet og berekraftig tilgang på personell.
– Vi ser at fristbrot aukar for ventande på nokre av dei områda der vi har kapasitetsproblem knytt tilgang på personell. Dette er krevjande, og må følgjast tett i klinikkane, legg Hovland til.
Aktiviteten aukar
Elles har aktiviteten auka på alle område. Den positive økonomiske utviklinga held frem, men det er framleis eit negativt avvik på 2,6 millionar kroner for mai månad.
–Det samla avviket så langt er 29,2 millionar kroner, men prognosen på eit null-resultat vert oppretthalde, i tråd med den langsiktige planen for investering og utvikling, seier Hovland.
Sjukefråværet er på det lågaste nivået sidan august 2023. Den ønska vridinga frå mellombels til faste stillingar held fram. Det same gjeld delen i heiltid mot deltid. Det er ei positiv utvikling i talet på HMS-hendingar for mai, og det kontinuerlege arbeidet med å ivareta HMS og pasientsikkerheit har eit stort fokus og blir følgt med god systematikk.
Ungdomsrådet
Fast innslag på siste styremøte før ferien er besøk av representantar frå brukarutvalet og ungdomsrådet. Ungdomsrådet hadde eit svært aktivt år i fjor, og har ikkje tenkt å liggje på latsida framover heller.
–Ungdomsrådet er klar for nye utfordringar og ønskjer å vere ein stemme for barn og ungdom – for å bidra til eit betre tilbod for dei, anten dei er sjuke sjølv eller pårørande. Bruk Ungdomsrådet! Å satse på ungdom er ei investering i framtida. Vi veit kva barn og unge ønskjer og treng, skriv ungdomsrådet i sin presentasjon for fjoråret.
Nøgd og bekymra
Brukarutvalet er nøgde med samarbeidet med administrasjonen i Helse Fonna, men er bekymra for at den økonomiske stoda kan få negative konsekvensar for pasientane.
–Vi har følgt tett den vanskelege økonomiske situasjonen til Helse Fonna gjennom heile 2023. Vi ser med bekymring på at tilhøva for pasientane kan verta dårlegare med fleire fristbrot, lenger ventelister og at tilbod om læring og meistring eller spesialisert rehabilitering skal forsvinne.
– Når dei økonomiske musklane vert svakare, vert ein ofte nøydd til å prioritere dei akutte oppgåvene til helseføretaket. Då er det lett å kutte i tilbod som kan førebygge sjukdom og unngå kostbare sjukehusinnleggingar. Derfor er brukarutvalet svært nøgd med å verte bedne med i Helse Fonna sitt nystarta prosjekt «Faglig og økonomisk berekraft og utvikling», som skal gjennomgå føretaket sin struktur og drift for å finne fram til tiltak som kan spare ressursar og løyse oppgåvene på ein meir effektiv og framtidsretta måte enn i dag, heiter det i brukarutvalet si årsmelding frå i fjor.