nyhende

Helse Fonna går ut av beredskap:

Haugesund Sjukehus.ARKIVFOTO: VESTBRIS/HELSE FONNA
Haugesund Sjukehus.

Helse Fonna går ut av beredskap

Helse Fonna går ut av beredskap, etter fleire veker med svært høgt trykk.

Publisert Sist oppdatert

Stor tilstrøyming i akuttmottaka, mykje smitte og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane, gjorde at føretaket først gjekk i grøn, og seinare til gul beredskap. Den siste tida har Helse Fonna vore einaste føretaket på Vestlandet som framleis har hatt beredskap, men siste veka har driftssituasjonen normalisert seg.

— Det er framleis mange smitta pasientar, men på langt nær så mange som for nokre veker sidan. Det er også færre intensivpasientar, og sjukefråværet har gått ned. Difor går vi no ut av beredskap, men vi følgjer framleis drifta tett, seoer administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen i ei pressemelding.

Han nyttar høvet til å rosa medarbeidarar som har stått ekstra på i denne krevjande perioden.

— Eg vil takka leiarar og medarbeidarar for innsatsen siste månaden, og utan dei hadde vi ikkje komme oss gjennom desse vekene så godt som vi gjorde, seier Klausen.

Powered by Labrador CMS