nyhende

Flaggspett,er ein art som har sterk førekomst også i år.
Flaggspett,er ein art som har sterk førekomst også i år.

Helga er siste sjanse til å telja hagefuglar

Sist helg var den store helga i årets hagefuglteljing, men du kan framleis bidra til og med søndag 4. februar.

Publisert Sist oppdatert

Vêret me hadde 27. og 28. januar var langt frå ideelt for fugleteljing. Fuglane held seg heller i le og så tørt dei kan når det bles kuling og regnar, men du kan framleis bidra. Registrering til hagefuglteljinga pågår til og med 4. februar på fuglevennen.no.

Det er stor spenning knytt til korleis småfuglane har klart seg etter ein vinter med mykje kulde og snø. Så langt har BirdLife Norge mottatt rapportar frå nesten 8.000 fôringsplassar, og 370.000 fuglar har blitt telt. Teljinga så langt tyder på at dei fleste har klart seg bra gjennom januar, også meir varmekjære arter som raudstrupe og svarttrast.

Bekymra for gjerdesmetten

Meir bekymringsfull er situasjonen for overvintrande gjerdesmett. Dei fleste overvintrar på det milde Vestlandet. Gjerdesmett et helst insekt, og er ikke ein typisk fugl på fuglebrettet. Den oppsøker likevel bakken under matstasjonane på jakt etter noko å eta, og er meir utsett for høg dødelegheit som følge av streng vinter enn nokon annan art.

I sitt kjerneområde, langs kysten frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, ligg ein normal forekomst om vinteren på 10-12 prosent av hagene, men i år er den nede i under 7 prosent. På landsbasis er gjerdesmetten berre registrert i under 3 prosent av hagane.

Færre kjøttmeis

Kjøttmeis er kongen av norske hager, og har vært den suverent mest utbredde hagefuglen sidan starten av hagefuglteljinga i 2008. Den har som regel også vore den mest tallrike arten, og er vanleg i heile landet.

Kjøttmeisen er å finna i omtrent like mange hagar kvart år, men antal kjøttmeis i kvar hage har sokke med årene, så også i år.

Dompapp og flaggspett

Det er finkane som utgjer den store forskjellen under hagefuglteljinga. Slik er det også i år. Fleire av finkeartene flyr over store område for å finna mat utanfor hekketida. Det betyr at dei kan dukka opp litt kvar som helst.

I år er det spesielt dompap og gråsisik som har vore talrike. Dompap har faktisk aldri vore meir tallrik og utbredt som i år, og det har vore rikeleg med gråsisik frå Trøndelag og sørover til Søraustlandet.

Ein annen art som har ein sterk førekomst i 2024 er flaggspett. Den hadde også sterke tal i fjor, og ein invasjon av fuglar austfrå hausten 2023 har nok bidratt til den solide førekomsten i vinter.

Powered by Labrador CMS