nyhende

Ein pytt på ein gangsti i Sveio har frose. Natt til fredag vil det truleg kome meir nattefrost.
Ein pytt på ein gangsti i Sveio har frose. Natt til fredag vil det truleg kome meir nattefrost.

Helga byr på grensevêr

Nattefrost har byrja å koma i deler av kommunen og Meteorologisk Institutt seier det skuldast kald austavind. Og sjå kva dei seier om å ta seg ein tur utandørs i helga.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit høgtrykk over oss som gjev ganske bra vêr dei neste dagane, samstundes som det er austavind, seier vakthavande meteorolog Ingrid Halland Soldal ved Meteorologisk Institutt i Bergen.

Ho har sjekka korleis det ser ut for Sveio og fortel at det er både gode og dårlege nyheiter.

– På laurdag ser det u som det kjem inn eit lite lågtrykk frå sør. Då vil det etter kvart koma nokre skyer og det er sjanse for litt regn. Og slik ser det ut for søndag også, fortel Soldal.

Dei siste dagane har det vore nattefrost og rim nokre stader i kommunen. Meteorologen seier at klarvêret gjer det meir sannsynleg at det kan verta glatt.

– Særleg natt til fredag er det venta ned mot 0 gradar, seier ho.

Austavinden er ganske kald, så sjølv om det er sol på dagtid vil det framleis vera kaldt.

– Kvifor er austavind så kald eigentleg?

– Det er eit stort høgtrykk som fraktar med seg vind frå polområda, som vil seia kald og tørr luft.

– Har du eit forslag til aktivitet i helga, ut i frå vêrmeldinga di?

– Vanskeleg å seia når det er slikt «grensevêr», men det er ikkje så mykje nedbør som vil koma, så ein tur ut går fint likevel. I kvart fall på søndagen, då vert det mest mildt, avsluttar Soldal

Powered by Labrador CMS