nyhende

Thomas Kinn debuterer trolig for Viking lørdag. ARKIVFOTO: STIAN NEDBERG/MJØNDALEN IF
Thomas Kinn debuterer trolig for Viking lørdag.

Heldt nullen då laget hans klatra til opprykksplass

Fjerde runde 1. divisjon fotball vart spelt måndag kveld. Både Thomas Kinn og Tobias Kvalvågnes Guddal, begge frå Sveio, var i aksjon.

Publisert Sist oppdatert

Mjøndalen-målvakt Thomas Kinn frå Sveio leverte ein ny god kamp i mål heldt nullen i ein forrykkande kamp mot Fredrikstad.

Hjertet i halsen

Drammens Tidende gir han 6 poeng av 10 mogelege på sin børs:

«Det er lett å få hjertet litt i halsen når rogalendingen har ballen i beina, men som nevt i tidligere børser – det virker jo som han har kontroll på det han gjør. Man er ikke vant til å se sisteskanser som er så trygg med ballen i beina i Mjøndalen. Jo, også redder han jo skudd da og hoder nullen. Det er jo bra!», skriv avisa. (Som har litt å gå på når det kjem til fylkesgeografi på Sørvestlandet.)

Bruntrøyane vann 2-0 og klatra opp på andreplass på tabellen. Det er tidleg i sesongen enno, men skulle dei vere nummer to også etter siste serierunde, så rykkar dei opp til eliteserien.

Tap for Bryne og Guddal

I andre enden av tabellen, og framleis heilt på botn, strevar Bryne. Forsvarsspelar Tobias Kvalvågnes Guddal (19) frå Sveio fekk sjansen frå start for andre gong på rad, i ein kamp kor heimelaget ifølgje rapportane hadde nok av sjansar til å avgjere kampen til sin fordel.

Men det vart tap 1-2 heime mot Ranheim. Vinnarmålet til trøndarane var eit sjølvmål av Christian Røer like før slutt.

Dermed står uheldige Bryne stadig utan poeng, etter fire serierundar.

PS! Førstkomande fredag kan det bli to sveibuar mot kvarandre i same kamp i 1.divisjon, når Mjøndalen tar i mot Bryne i ein kamp som er framskoten frå 10. serierunde.

4. serierunde, resultat:

Mjøndalen – Fredrikstad 2-0

Bryne – Ranheim 1-2

Kongsvinger – Åsane 1-1

Stabæk – Sandnes-Ulf 0-1

Start – Skeid 3-2

Brann – Sogndal 1-1 (laurdag)

Raufoss – Grorud 1-1 (laurdag)

Stjørdals/Blink – KFUM Oslo 1-3 (laurdag)

Powered by Labrador CMS