nyhende

Rossehaug og Bøe AS gjekk konkurs i juni:

stall krybbe rossehaug og bøe soknehus soknehuset
Tømrerlaget Rossehaug og Bøe AS gav seg før det blei enda verre. Her set Torkel Rossehaug og Svein Ivar Bøe opp ei krybbe mellom Soknehuset og Sveio kyrkje.

Held fram som tømrarlag

Tømrerlaget Rossehaug & Bøe var i full sving med 8 tilsette pluss innleigd arbeidskraft då eigarane gjekk det tunge steget til retten og begjærte oppbud 24. juni.

Publisert Sist oppdatert

– Me har ikkje hatt nok effektivitet på byggeplassane. Grepa me har gjort, har ikkje vore store nok, forklarar Torkel Rossehaug.

Koronarelatert fråvêr og utbetaling av sjukepengar utan å få det dekka av støtteordningar, er òg ein del av bildet. Det gjekk ikkje an å retta opp i økonomien.

– Då er det betre å gi seg mens leiken ikkje blir verre, seier Rossehaug.

For Rossehaug og Svein Ivar Bøe har sommaren har gått med på å gjera ferdig dei prosjekta dei kan frå AS-et, som blei etablert i 2018.

No går dei to tilbake til å driva kvar for seg, men dei held saman som tømrarlag.

Powered by Labrador CMS