nyhende

Held fram som Høgre-leiar i Sveio

Måndag 20. januar klokka 18.30 vart årsmøtet i Sveio Høgre halde på Vigdartun. Det var eit godt oppmøte med engasjerte medlemmer.

Publisert Sist oppdatert

Eit av høgdepunkta for kvelden var besøket av tre stortingskandidatar frå Hordaland valkrets, Lise-May Sæle, Ida Lutro og Vegard Enerstvedt.

Dei fortalte om Høgre sitt forslag til partiprogram, og korleis ein utformer politikken som skal løysa utfordringar me står i både lokalt og nasjonalt. Medlemmane hadde fleire gode innspel som ein tek med seg inn mot den endelege handsaminga av programmet på landsmøte i mars.

Ida og Vegard, som begge er aktive i fylkespolitikken, fortalde om kva som rører seg i fylket, både når det gjeld vegbygging, samferdsel- og skulepolitikk. Frå kommunestyregruppa var det orientering om aktiviteten det siste året, og etter eit år med fleirtal er det gledeleg å sjå ein innfrir fleire av løfta som vart gjeve i valkampen.

Eit nytt styre for Sveio Høgre vart vald under møtet. Lars Petter Lie held fram som leiar, med Carl Enoksen som nestleiar. Resterande styremedlemmer er Lars Oddvin Hovda, Svein Olaf Bua og Janne Thorbjørnsen Fludal. Med dette sterke laget ser Sveio Høgre fram til eit aktivt og spanande år, med valkampen som ein av hovudaktivitetane.

Årsmøtet uttrykte også stoltheit over at vår eigen ordførar, André Mundal Haukås, står på Høgre si stortingsliste. Dette viser at engasjementet og arbeidet vårt i Sveio vert lagt merke til langt utover kommunegrensene.

Takk til alle som møtte opp og bidrog til ein kveld fylt med gode samtalar, innspel og eit godt oppspel til valkampen. Sveio Høgre ser fram til å fortsetje arbeidet for innbyggjarane i kommunen og gler seg til å fortsette å setje Sveio på kartet i regionen.

For styret,
Lars Petter Lie

Powered by Labrador CMS