nyhende
Heiste juletreet på 1, 2, 3
Karar frå Sveio kommune har sett opp juletre og pynta. No står det klart til tenning på laurdag.
Treet hadde ikkje kome frå langt unna som eit bergensk juletre i Newcastle i Storbritannia.
– Det er frå Tveita, seier Eivind Nærum, vaktmeister i kommunen.
Saman med fire andre karar fekk han treet på plass, festa litt pynt på toppen og så heiste dei det på plass føre kommunehuset. No står treet på torget klart til den årlege julegrantenninga, saman med andre lysdekorasjonar på torget. Ifølgje arrangør Sveio skulekorps vert det kafé, eit besøk frå Bømlafjord heste- og hundesenter og ordførar André Mundal Haukås (H).
Størst av alt er det ubekrefta ryktet om at nissen kjem, men det står att å sjå. Hendinga byrjar klokka 14.30.
Vakse opp på Tveita
Mannen bak treet er Anders Bergmål frå Tveita. Han fortel at skogdrift har vore ei interesse sidan barndomen.
– Eg har drive med dette heile livet sidan eg var ein «pitteliten» unge, seier Bergmål.
– Kva kan du fortelja om årets tre?
– Det er vakse opp på Tveita, og er ein Edelgran av typen «Nordmannsedelgran». Det er dei som veks finast i området her, seier han.
Ei fredfull jul
Han er ikkje sikker på om han rekk å vera med på hendinga sjølv då det er travelt i julestria.
– Kva ynskjer du deg sjølv til jul då?
– Nei, sei det? Ei fredfull jul, fint vêr og at ungane kosar seg. Det er det alle vil ha. Og så vil eg ynskja alle folk i bygda ei god jul, avsluttar Bergmål.
MERKNAD:
I første utgåva av artikkelen stod det at treet var frå Haukås. Det var feil og me ber om orsak.