nyhende

Rådmann Jostein Førre har sett på tre alternativ og anbefaler overføring av kommunestyremøta på nett.
Rådmann Jostein Førre har sett på tre alternativ og anbefaler overføring av kommunestyremøta på nett.

Heimeundervisning for Vikse-klasse

Klassen til eleven ved Vikse skule som har testa positivt på covid-19, får måndag og tysdag nettbasert heimeundervisning.

Publisert Sist oppdatert

Dette er eit tiltak som er sett i verk medan ein ventar på dei siste testresultata, forklarar rådmann Jostein Førre i Sveio kommune til Vestavind.

– Heimeundervisning for alle gir ein mest heilskapleg undervisningssituasjon, seier rådmannen.

Ein annan grunn til heimeundervisninga er at ein stor del av klassen har symptom på luftvegsinfeksjon, sjølv om ingen så langt  har testa positivt på covid-19.

Ventar på dei siste testsvara

– Regelverket seier at at alle som har symptom på luftvegsinfeksjon, skal vera heime fram til ein dag etter at symptoma er borte. Dette gjeld både elevar og lærarar, seier Førre vidare.

Søndag fortalte smittevernlege Ståle Andreassen til Vestavind at 52 personar så langt var testa etter det eine påviste smittetilfellet på Vikse skule. Svaret på 46 av testane var klart, alle var negative. Andreassen ventar svar  på resten av dei 52 testane tysdag.

Rådmannen opplyser måndag ettermiddag at det ikkje har dukka opp smittetilfelle  andre stader i kommunen dei siste dagane.

Powered by Labrador CMS