nyhende

Heimesjukepleien i Sveio disponerer sju bilar av denne typen, som har blitt brukte i snart fire år. No er leasingperioden over, og bilane skal leverast tilbake. Hege Kinn, fungerande avdelingsleiar heimetenesta fortel at bilane har fungert godt. Så lenge den nye bilparken oppfyller behova deira, er dei tilsette klare for å ta i bruk elbil.

Heimetenesta får elbilar i haust

Kommunestyret var einstemminge då det i sist møte blei vedteke å kjøpa sju elbilar med firehjulsdrift til heimetenesta. Samla kjøpesum blir 3,5 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om dei var einige om sluttresultatet, vart det litt diskusjon då saka var oppe til behandling. Det var ingen som påberopte seg å vera ekspertar i bransjen, men innkjøpsprisen ville fleire ha ned, eventuelt at andre bilmerke blei vurderte, eller at elbilane skulle vera på leasingavtale.

Få alternativ

Rådmannen forklarte at eit eige anbod om leasing måtte vera av europeisk standard, det ville dermed bli mykje arbeid for eigen kjøl. Hans korte oppsummering, som politikarane etter kvar tok til etterretning, er at dei treng nokon som kan levera bilane no i haust, og einaste moglegheit var då å gå for Hyundai Ioniq 5.

Prisforhandling

Det blei foreslått å gi rådmannen ei mindre ramme på 2,5 millionar å kjøpa bilane for, men konklusjonen blei å be politikarane rådmannen om å gå i dialog med leverandøren, med sikte om å få ein betydeleg prisreduksjon på bilane. I vedtaket står det at kommunestyret forventar ein pris betydeleg under listepris.

Det var Rune Teikari (FrP) som kom med framlegget, på vegner av FrP, Ap og KrF.

Powered by Labrador CMS