nyhende
Heilt ledige ned, men totalen opp
I februar registrerte NAV 1,3 prosent heilt ledige i Sunnhordland, og ein nedgang på 25 heilt ledige personar i høve januar. I Sveio blei det to færre heilt ledige.
Kommunen med høgast arbeidsløyse i februar er Bømlo (2,1 prosent), medan den er lågast i Stord (0,9 prosent). Snittet for Sunnhordland er 1,3 prosent, som er lågare enn både Vestland fylke (1,9 prosent) og landet som heilskap (2,1prosent), skriv NAV i ei pressemelding.
I Sveio blei det to færre heilt edige i februar samanlikna med januar. 37 heilt arbeidsledige utgjer 1,8 prosent.
Totalen aukar
Sjølv om det er nedgang i heilt ledige, aukar totalen av alle arbeidssøkarar, det vil seia dei heilt ledige, delvis ledige og ledige på tiltak, likevel med 139 personar mot månaden før.
– Den største auken ser me i tal delvis ledige. Auken skuldast permitteringar. Permitteringar er i utgangspunktet ein mellombels situasjon, og me ventar at arbeidsløysa vil stabilisere seg på eit lågare nivå om kort tid. Gitt at den permitterte er venta å returnere til eigen arbeidsgjevar, meiner me framleis at det er gode tilhøve for inkludering, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland, og viser til talet stillingar NAV har registrert i februar.
Mange utlyste stillingar
For månaden februar registrerer NAV i region Sunnhordland 468 utlyste stillingar. Dette tilsvarer meir enn 23 ledige stillingar per verkedag i februar, og viser at det er tilgang på 83 fleire ledige stillingar enn heilt ledige i perioden.
– Me ser framleis eit høgt tal stillingar. Arbeidsmarknaden held seg stram, og me oppmodar arbeidsgivarane til å sjå på korleis ein kan inkludera fleire i arbeidslivet. Me stiller gjerne til ein samtale med verksemder som ser dei kan ha rom for dette, seier Lægreid.
Burde vore fleire avregistreringar
Han er noko uroa for at ikkje avgangen arbeidssøkarar er høgare.
– At det ikkje er fleire som blei avregistrert frå NAV i ei tid med så stort tal utlyste stillingar, uroar litt. Me meiner ein av drivarane er at det kan eksistera ulikskap mellom kva verksemdene lyser ut etter, og kva den som står ledig har av kompetanse. Me er spente på om bedriftsundelsøkinga vil belyse det same, og eventuelt kva anna innsikt den vil gje oss, seier Lægreid.
Bedriftsundersøking
I desse dagar har fleire utvalde verksemder i Sunnhordland fått varsel om NAV si bedriftsundersøking. Undersøkinga, som er den største av sitt slag i Noreg, skal kartlegga sysselsettingsutsiktene til verksemdene, samt om dei har hatt utfordringar med å rekruttera ønska kompetanse.
Lægreid oppmodar dei utvalde verksemdene til å svara innan fristen 11. mars. Resultata blir presentert 7. mai.