nyhende

Bård Bjørnevik Skogen har levert ein særs god sesong i den amerikanske college-serien i golf.FOTO: TEXAS TECH UNIVERSITY
Bård Bjørnevik Skogen har levert ein særs god sesong i den amerikanske college-serien i golf.

Heidra for sterk sesong i USA

Den amerikanske college-serien i golf (NCAA) har ved sesongslutt gitt sveibuen Bård Bjørnevik Skogen (20) eit skikkeleg klapp på skuldra for sine sterke prestasjonar i år. Og til veka kan han kvalifisere seg direkte til verdas mest prestisjetunge amatør-turnering.

Publisert Sist oppdatert

Den 1. juni var årets sesong i collegeserie i golf USA over. Bård Bjørnevik Skogen (20) har spelt sin andre sesong for Texas Tech University i den øvste NCAA-divisjonen. Og han har prestert godt.

— Denne sesongen har vore bra. Eg har spelt mykje bra golf, og oppnådd mange fine resultat. Og fine resultat er jo gøy, seier han til Vestavind.

Kjekt synes han også det var at den amerikanske amatørligaen, NCAA, forleden tok han med på lista over dei besta college-spelarane i USA. Han kom rett nok ikkje inn blant dei 30 spelarane på dei tre mest gjeve «All American»-laga. Men han er med på lista som NCAA kallar «honorable mention» – heiderleg omtale på norsk.

— Det er jo kult å bli huska på, seier han.

To andreplassar

Skogen han har utmerka seg ved å få spele alle collegeturneringane i USA i år. Der har han levert åtte topp 10-plasseringar. Mellom desse to andreplassar. Den første var eit faktum på Hawaii i februar, etter at han leia heile turneringa etter dei to første av tre rundar. Diverre for skogen var spanske Eugenio-Lopez Chacarre i det «umogelege» hjørnet i siste runde, og sneik seg forbi sveibuen med berre to slag.

— Det var litt surt å miste sigeren der og då, men samstundes var det ei fin erfaring å leie ei slik turnering etter andre runde, seier han.

I tillegg til gode individuelle resultat, kom laget hans til kvartfinalen i «The Nationals» – kor dei åtte beste skulene frå heile USA møtast til dyst. Det er ein særs sterk lagprestasjon, og også der var sveibuen ein viktig bidragsytar då laget hans kvalifiserte seg.

54. beste i verda

Reint sportsleg er han mest nøgd med å sjå at sitt eiga dårlegaste nivå no er mykje betre enn før. Og at han har fått betalt på rangeringa av dei beste amatørspelarane i verda. Frå han låg på rundt 100. plass for eit halvår sidan, vakar han no rundt 50. plass.

På den siste oppdateringa, som kom denne veka, er han rangert på 54. plass. Det betyr at han er heilt på vippen til å vere direkte kvalifisert til verdas mest prestisjefylte amatørturnering, U.S. Amateur som går av stabelen i august i år. Det er dei som er rangert blant dei 50 beste amatørspelarane 21. juni som får automatisk billett dit.

Avgjerande veke

Skogen har ein mogelegheit igjen til å klatre på rangeringa tidsnok for å bli kvalifisert til U.S. Amateur. Det skjer til veka, når British Amateur Championship går av stabelen i Blackpool i England. Der har han prøvd seg to gonger før, utan å lukkast heilt. Men no er det ein eldre og meir røynd sveibu som skal prøve seg. Heile 258 spelarar er meldt på. Dei første dagane handlar det om å levere best mogeleg poengscore for å kome vidare til sluttspel. Sluttspelet går før seg mann-mot-mann.

— Då kan alt skje. Å kome til ein kvartfinale hadde vore gøy, seier Skogen som den siste veka har hatt nokre dagar heime i Sveio, og lagt treninga til Sveio Golfpark.

Må kanskje droppe NM

Om Skogen ikkje leverer godt nok til å kvalifisere seg direkte til U.S. Amateur vil Skogen prioritere turneringar i Noreg og Europa i sommar, framfor å nytte seg av mogelegheita til å spele U.S. Amateur-kvalifisering i USA.

— Eg må i så fall reise ein ekstra tur til USA i sommar for å prøve å kvalifisere meg, men viktig er det ikkje, seier han.

Skulle han vere direkte kvalifisert til U.S. Amateur, vil han mellom anne droppe Noregsmeisterskapen i golf.

— Det er slike prioriteringar ein må gjere, seier Skogen som legg til at det er full aksept for det i det norske golfmiljøet.

Powered by Labrador CMS