nyhende
Havna på taket – svært glatte vegar
I 12.00-tida 2. juledag fekk politiet melding om at to bilar var involvert i ei ulukke på Tittelsesnesvegen ved Bjørkje. Det viste seg etter kvart å vera ein bil som hadde skildd på glatta og hamna på taket.
Alle naudetatane rykka ut til i ei trafikkulukke med to bilar, der den eine bilen hadde hamna på taket. Politiet meldte på X at det var svært glatt på staden, og at trafikken også gjekk sakte på grunn av føret.
Neste oppdatering frå poltiet var at det berre var ein bil involvert med to personar i. Både førar og passasjer såg ut til å vera uskadde. Bilen derimot låg på sida av vegen på taket, og måtte hentast med bilbergar.
Svært utfordrande føre
Etter avhøyr på staden, konkluderte politiet med at dette var eit hendeleg uhell på glatta, og det vert ikkje oppretta sak.
Det er svært utfordrande føre på vegane på heile Vestlandet. Det som kjem ned av regn, sludd og snø, fryst til is dei fleste stadar. Dette vêret gjer det også vanskeleg å halda vegane, og folk blir oppmoda til å køyra forsiktig og rekna god tid på køyreturen.
Snø og vind
Morgondagen ser ikkje ut til å bli noko betre, med nokre plussgrader før det slår om til minusgrader. Utpå kvelden kan det også koma mykje snø, og det er sendt ut gult farevarsel for både glatte vegar og vind onsdag og torsdag.
Frå onsdag kveld er det meldt liten storm i kasta, og dei kraftige vindkasta skal vedvara til utpå morgonen torsdag. Også natt til torsdag er det meldt at det kan koma ein del snø.