nyhende
– Havet er friskare og reinare
Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.
Sumaren har komen, og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?
Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:
Flemming Lothe (40), Sveio
– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Eg må sei eg liker havet best. Det føles friskare og reinare. Men me har mange flotte ferskvann i Sveio som er digg å bada i også!
– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– For min del er det Hovdaneset. Der kan ein stupa rett i det opne, friske havet. Heilt magisk! Anbefalast!
– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Nei, då hadde eg heller bada heile året. Eg har faktisk bada kvar veke siste året, så eg ser på meg sjøl som ein heilårsbadar.