nyhende
Haukåskrysset kan få forlenga 60-sone
Bakgrunnen er ei henvending om at det er vanskeleg å tolka kor fort ein kunne køyra når ein tek av frå E39 til Fv. 47 Tittelsnesvegen i Haukåskrysset.
Vestland Fylkeskommune ønskjer å forlenga 60 km/t på Fv. 47 til eit stykke etter Haukåskrysset. Det er snakk om ei mindre justering og flytting av skilt.
Slepp usikkerheit
– Bakgrunnen for at Vestland fyllkeskommune ønskjer å forlenga 60-sona var ei henvending me fekk om at det var vanskeleg å tolka kor fort ein kunne køyra når ein tek av frå E39 til Fv. 47 Tittelsnesvegen i Haukåskrysset. Det er særskilt fartsgrense 60 km/t når ein tek av E39, og då opphøyrer skiltinga sidan ein kjem inn på landeveg. Me ser at dette kan vere vanskeleg å forstå, sjølv om ein som sjåfør av motorkøyretøy skal vita at dette er utanfor tettbygd strøk og at det då er generell fartsgrense 80 km/t, opplyser Siri Skjulhaug, førstekonsulent, forvaltning Bergensområdet, avdeling for infrastruktur og veg.
Ventar på godkjenning
– Er dette noko de ønskjer å gjera snarast råd?
– Nei, det er ikkje ei naudsynt justering, men trafikanten vil sleppa usikkerheita som kan opplevast på staden. Dersom vegvesenet vedtek skiltplanen, vil me iverksetja den så fort det høver, og tingar skilt og oppsetjing av desse.
Statens vegvesen, som er vedtaksmyndigheit, har sendt høyringsbrev med skiltplan for ny posisjon for skilter til Politidistrikt Vest og Sveio kommune for uttale med frist 8. desember.
Ifølgje Bjarne Hetlesæter, einingsleiar plan/næring, ser Sveio kommune på forlenginga av 60-sona på Fv. 47 til eit stykke etter Haukåskrysset, som eit trafikksikringstiltak, og har såleis ingen merknader å koma med i denne saka.