nyhende

Sveio kommune har ei låg arbeidsledigheit på berre 1,2 prosent.ARKIVFOTO
Sveio opplevde ein negativ utvikling i folketalet i 2021.

Haugalendingar og sunnhordlendingar køyrer gjerne flyttelasset til Sveio

Sveio kommune har fått 4729 nye innbyggjarar mellom 2000 og 2019 frå andre kommunar. Men kor kjem alle desse folka frå? Ser me på flyttemønsteret i Noreg, viser seg at det er mange omadresseringar frå Haugalandet og Sunnhordland til Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Folk frå kommunane rundt Sveio vil gjerne bli sveibuar. Ser ein dei siste 19 åra under eitt, sit Sveio i flytterekneskapen igjen med ein pluss på 211 innbyggjarar. Då er Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Stord og Bømlo inkludert. Heilt nøyaktig viser statistikk frå SSB at me har fått 3440 innbyggjarar og mista 3229. Ei summering viser at 211 fleire har flytta til Sveio, enn dei som har flytta frå.

Åse Aleheim, plan og næringseininga, Sveio kommune.

Forholdet mellom Sveio og Haugesund er eit lite unntak, 2123 personar har flytta frå oss, medan me har fått 2119 tilbake. Fire personar som skiljer, i deira favør. For Sveio sin del er Sildabyen på topp når ein skal flytta ut av kommunen, men det er også denne Haugalandskommunen me får flest innbyggjarar frå.

Blir hyttefolk fastbuande?

Kvifor er det slik, at innbyggjarar i nabokommunane våre synest så vel om Sveio? Statistikken SSB har utarbeida, seier berre talet på flyttarar, ikkje årsaka. Me høyrer med Sveio kommune sin samfunnsplanleggjar om ho har nokre tankar om dette.

Åse Aleheim har har hovudet fullt av arealføremål og plankart, for i desse dagar skal sentrumsplanen forhåpentlegvis snart ut på høyring. Ho tar seg likevel tid til ein prat rundt dette med flyttemønster, og kvifor Sveio er ein kommune mange veljer seg.

– Dette kan ein spekulera mykje i, men eg har ein teori om kvifor karmøybuen er høgt oppe på lista over tilflytting til Sveio. Ganske mange frå Karmøy har hytte her. Det kan vera at dei har blitt fastbuande i kommunen, men det er ein spekulasjon. Når ein alt bur på Karmøy, har ein litt avstand til regionsenteret Haugesund. Det er lettare å flytta til landsbygda i Sveio, ein mister ikkje så mykje av det ein har, seier Aleheim.

Ho er av den oppfatninga at skulestruktur speler ei stor rolle for mange, det har ho også sett i hennar heimkommune, Haugesund.

Ikkje like langt til by’n for sveibuen

Eiga oppfatning av avstand kan vera eit nøkkelord når ein skal diskutera flyttemønster mellom Haugesund og Sveio – kor ein kjem frå kan vera avgjerande for kor langt ein kilometer blir opplevd.

Aleheim mistenker at dei som bur i Haugesund har ein større terskel for å flytta til landsbygda i Sveio.

– Dei er vane med å bu i avstand til bykjernen, det ser ein òg inad i Haugesund. Det er avhengig av kor ein kjem frå. Mange har sagt at det er langt frå Haugesund til Sveio, men avstanden frå Sveio til Haugesund er kort. Det er avhengig av folk og preferansar, seier Aleheim, som sjølv er busett i Skåredalen.

Positive framskrivingstal

Ikkje nok med at historikken viser at mange har valt seg Sveio som ny heimstad dei siste 19 åra, kommunen lyser også opp i lag med Utsira på framskrivingskartet, som dei to einaste kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland. Det er førespegla at Sveio kommune får 869 nye innbyggjarar innan 2050, ei auke på 15,1 prosent.

Framskrivingar fortel at Sveio får såkalla kraftig auke i tal innbyggjarar mellom 2020-2050. Konkret er dette snakk om 869 personar. I 2020 var det 5766 innbyggjarar i kommunen, medan det i 2050 er estimert å vera 6635 sveibuar (SSB)

– Det ser mykje ut i og med at Sveio har få innbyggjarar i forhold til nabokommunane, men talet er ikkje så stort i ein større samanheng. Men me treng innbyggjarane, seier Aleheim.

Ho meiner at det er god plass rundt oss til at det skal reisast nye bustadar.

– Sveio kommune har mykje byggeareal og mange godkjende reguleringsplanar og utbyggingsområde som ikkje er tatt i bruk. Det er ikkje noko problem for Sveio å ta hand om så mange innbyggjarar – behovet kan bli dekka i Sveio sentrum, set Aleheim som eit eksempel.

Ho registrerer at mange har lyst til å bu i Sveio, og det kan ho forstå.

– Det er fint her, med fantastisk natur, friluftsliv og sjø. Men me er kanskje ikkje så flinke til å promotera kommunen, seier ho.


Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Powered by Labrador CMS