nyhende

Kristian Gautesen er tilsett som dagleg leiar for Endra AS, eit nyskipa selskap i Haugaland Kraft-konsernet.FOTO: HAAKON NORDVIK/HAUGALAND KRAFT
Kristian Gautesen er tilsett som dagleg leiar for Endra AS, eit nyskipa selskap i Haugaland Kraft-konsernet.

Haugaland Kraft satsar på solenergi – ønskjer å bli leiande i Norden

Haugaland Kraft skal bygge solparkar og skape nye arbeidsplassar med sitt nyskipa selskap Endra AS. Målet er å bli marknadsleiande i Norden.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland Kraft tar eit stort steg i ei ny retning og skipar selskapet Endra, som skal byggje og drifte solparkar.

— Ei rekke analysar viser at marknaden treng meir straum i åra som kjem. Og straumen skal vere berekraftig. Å nytte solkrafta er den rimelegaste måten å nå framtida sitt behov for energi på, skriv selskapet i ei pressemelding.

Målet er å etablere eit pilotanlegg allereie i 2024, og hauste erfaringar frå dette samstundes som nye solparkar blir planlagde og bygd ut.

— Saman med våre kundar skal vi utvikle solparkar som bidreg til vesentleg høgare energiproduksjon, både regionalt og nasjonalt, seier konsernsjef Olav Linga i det delvis Sveio kommune-eigde Haugaland Kraft-konsernet.

Berekraftig energi

Valet av namnet Endra var ikkje tilfeldig, og selskapet viser til at «Endra» står for endring. I dette tilfellet ein ny måte å tenke berekraftige løysingar på.

— Vi går inn ei ny tid, med overgang til det grøne skiftet. Elektrifiseringa gjer at vi vil trenge langt meir kraftproduksjon i åra framover, og solenergi er med på den viktige endringa til berekraftig straumproduksjon, seier Kristian Gautesen som er tilsett som dagleg leiar i det nye selskapet.

Kristian Gautesen meiner Haugalandet er godt eigna for solparkar.

Stadane som det nye selskapet vil konsentrere seg om er allereie «grå» areal i kommunane.

Med grå areal meinast område som allereie er tekne i bruk som industriareal, eller som kan nyttast på ein ny og berekraftig måte. Det kan til dømes vere nedlagde steinbrot og søppeldeponi, eller store takareal. I tillegg ser ein at det i stadig større grad er gunstige vekselverknadar mellom landbruk og solproduksjon, fortel Linga.

Søkjer samarbeidspartnarar

Selskapet ser for seg ein storleik på anlegga frå 30 mål og oppover, og selskapet ønskjer å kome i kontakt med aktørarar, verksemder og kommunar med eigna areal. Forretningsmodellen forutset at Haugaland Kraft-konsernet skal eige og drifte anlegga, men at ein leier areala solparkane skal stå på, slik at det blir vinn-vinn for alle involverte.

— Vi ser at dette på sikt kan gi mange nye arbeidsplassar og skape attraktivitet for dei som er opptatt av fornybar energi og moderne teknologi. Det vil skape aktivitet i kommunane og hos underleverandørar. Og vi kan produsere endå meir kortreist grøn energi. Dette vil verkeleg vise igjen i den totale klimarekneskapen, seier Gautesen.

Gautesen meiner Haugalandet er gunstig med tanke på plassering av solkraftanlegg, og at Effektutnyttinga kan samanliknast med kva ein oppnår i til dømes Danmark og Tyskland. Ein lokal solpark på 30 mål vil kunne gi straum til årsforbruket for 130 gjennomsnittlege hushald. (16.000 kWh), eller årsforbruket til lading av 875 elbilar. (2400 kWh per elbil).

— Alt utan at det er behov for nye naturinngrep, forklarer Gautesen.

Selskapet sitt mål er å vere først og bli best på utvikling av solparkar i Norden.

Powered by Labrador CMS