nyhende

Sjølv om Ap-politikar Maren Kristine Lye Bårdsen har beina godt planta på jorda, må ho innrømma at skulestruktursaka har teke på. – Saka er vanskeleg, og det kan vera uheldig for rekruteringa til det å engasjera seg som kommunepolitikarar, meiner ho.
Sjølv om Ap-politikar Maren Kristine Lye Bårdsen har beina godt planta på jorda, må ho innrømma at skulestruktursaka har teke på. – Saka er vanskeleg, og det kan vera uheldig for rekruteringa til det å engasjera seg som kommunepolitikarar, meiner ho.

Harde ord mot lokale politikarar i skuledebatten

– Eg var førebudd på at det ville bli krevjande, difor gjekk eg mange rundar med seg sjølv før eg gjekk ut med meininga mi i eit lesarbrev, fortel Maren Kristine Lye Bårdsen. Ho representerer Arbeidarpartiet, og det er hennar første periode i Sveio kommunestyre.

Publisert Sist oppdatert

12. mars i år hadde Maren Kristine Lye Bårdsen eit lengre lesarbrev innlegg i Vestavind der ho detaljert grunngav kvifor ho støttar sammenslåing av skulane i Valestrand og Auklandshamn til Førde skule.

Tilbake har Ap-politikaren fått både ros og ris – kanskje mest det siste.

– Ein skal ikkje skal vera redd for å seia meininga si, det er difor ein er folkevald. Men akkurat i denne saka er det litt krevjande å ha den rolla, medgir Lye Bårdsen som er oppvaksen i Auklandshamn.

Mykje følelsar

– Folk har ulike måtar og formidla synspunkta sine på – nokre held seg til fakta, medan andre spelar litt meir på følelsar. Eg tenkjer begge delar er heilt greitt, og at ein skal respektera begge måtar å uttrykkja seg på dersom debatten går føre seg sakleg. Tilbakemeldingane eg har fått privat har vore konstruktive og saklege. Men eg ser og høyrer at enkelte kommentarar på sosiale medium kan oppfattast som direkte personangrep. Dette meiner eg er uheldig for det politiske engasjementet i Sveio kommune, fastslår Lye Bårdsen.

– Tenk over vaksenrolla di!

Sveibuen meiner ein bør vera bevisst på at også dei unge følgjer med på kva som blir sagt om skulesaka.

– Me som vaksne skal vera gode rollemodellar for den oppveksande generasjon, og bør vera bevisste på kva signal enkelte ufine kommentarar gir barn og unge. Det er ein av mine største bekymringar oppi dette når det kjem til debatten i sosiale medier, seier Lye Bårdsen.

Set grenser

Som folkevald meiner 28-åringen det er viktig å oppdatera seg på debatten på ulike arenaer, men ein må også setja litt grenser og skjerma seg sjølv.

Ho meiner også at i ei tid der ein ikkje får arrangera folkemøte, har det vore spesielt viktig med lesarbrev slik at folk får uttrykka meiningane sine skikkeleg.

Spenning før og etter

– Kan skulesaka føra til uvennskap i bygdene?

– Uavhengig av utfallet, nedleggjing eller ikkje, kan det vera ei viss spenning i starten. Folk har kjempa med nebb og klør, noko eg har stor respekt for. Det blir viktig å tryggja elevane uansett kva som skjer framover, poengterer Ap-politikaren.

Lye Bårdsen ser med spenning fram til 12. april. Lenge har det vore eit veldig trøkk, det blir spennande å sjå kva avgjerda blir.

– Uansett utfallet er det viktig å ha respekt for avgjerda og kvar enkelt si stemme, seier ho.

Powered by Labrador CMS