nyhende
Hardanger-sider? Kan du bevise det?
Ein skulle kanskje tru at all sider frå Hardanger er Hardanger-sider. Så enkelt er det ikkje – i alle fall ikkje om du vil nytte omgrepet «Hardanger-sider» i marknadsføringa.
Smak, landskap og menneske heng nemleg tett saman. Så tett, at det berre er sider som inneheld eple som er dyrka i Hardanger, pressa, gjæra og lagra i Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ulvik eller Ullensvang, som får lov til kalle seg Hardanger-sider.
Forklaringa er at Hardanger-sider er ei såkalla beskytta nemning, på same måte som det berre er sprudlande vin frå Champagne-regionen i Frankrike som kan kallast champagne.
I Noreg er det faktisk heile 35 produkt som kan skilte med dette merket. For å få det, må du dokumentere at produktet kjem frå ein viss plass og at det har eigenskapar eller kvalitetar som er direkte knytt til opphavet. Du må også bevise at det er ein nær samanheng mellom eigenskapane ved eller kvaliteten på produktet og det geografiske produksjonsområdet. Alternativt må du godtgjere at produktet eller retten har hatt ein spesifikk oppskrift eller produksjonsmetode frå svært gammalt av.
Produsentane av Småmat frå Hallingdal gjorde det. Og dei som lagar Gamalost frå Vik. Til liks med entusiastane bak Telemarks-morellar, Fjellam frå Ryfylke og Rakfisk frå Valdres – for å nemne nokre få. Kvitsøylam er det siste produktet i rekkja så langt og vart registrert som beskytta nemning i november i år.
Eit merke for alt?
Det var i 2002 at Landbruks- og matdepartementet oppretta merkeordninga «Beskyttede betegnelser» , og då etter mønster av ei tilsvarande ordning i EU. Her heime vernar og fremjar ordninga først og fremst norske landbruksprodukt, matvarer og drikkevarer med mindre enn 15 prosent alkohol.
No tenkjer du kanskje at det sikkert er nok av merkelappar allereie, slik som «Nyt Norge», det offisielle opphavsmerket for norsk mat og drikke, eller «Spesialitet», der ein uavhengig matfagjury har plukka ut det aller beste av lokalmat og -drikke i Noreg.
Men om begge desse merka borgar for kvalitet, er «Beskyttede betegnelser» i ein heilt eigen klasse. Merkeordninga er faktisk så spesiell at ho blir regulert av ei eiga nasjonal forskrift , fortel Anne Mette Johnsen, som er administrerande direktør i Stiftinga Norsk Mat.
– Ei beskytta nemning gir forbrukaren ein juridisk tryggleiksgaranti. Namnet er verna mot etterlikning, og produktet må oppfylle krav til opphav, geografi, tradisjon og produksjonsmetode slik forskrifta krev. Dermed kan forbrukaren vere trygg på at produktet faktisk er ekte, autentisk og knytt til det området eller den tradisjonen det gir seg ut for. Ordninga garanterer både kvalitet og opphav – samtidig som ho bidreg til å ta vare på norsk matarv, forklarar ho til Nynorsk pressekontor.
Tre nye på trappene
Dei norske beskytta nemningane er direkte knytt til EUs tilsvarande merkeordning, kalla «Geographical indications» (GI). Ho vernar på same måte høgkvalitets landbruksprodukt og matvarer frå visse regionar i EU. Noreg har i tillegg ein eigen avtale med EU som gjer at norske, beskytta produkt også kan bli inkluderte i GI-ordninga og få vern på EU-marknaden.
Det er til dømes difor Fenalår frå Noreg og Tørrfisk frå Lofoten er godkjende og GI-merka i EU, på same måte som Prosciutto di Parma, Prosciutto di San Daniele, Parmigiano Reggiano og Gorgonzola er beskytta i Noreg.
For å kunne bruke merket «Beskyttede betegnelser» i Noreg, må ein aller først søkje Stiftinga Norsk Mat. Søknaden må mellom anna dokumentere produktet si historie, tradisjon, oppskrift og geografisk tilhøyring, i tillegg til sjølve produksjonsprosessen og spesifikasjonar som til dømes jordsmonn, klima og vasskvalitet om dette er relevant.
Om Stiftinga Norsk Mat meiner søknaden og produktet oppfyller kriteria for beskytta nemningar, sender dei ei positiv innstilling vidare til Mattilsynet. Det er nemleg tilsynet som gjer den endelege godkjenninga og gir løyve til å bruke den verna nemninga på produkt.
Så langt har stiftinga avslått fire søknader, fortel Anne Mette Johnsen. Dei har i hovudsak mangla tilstrekkeleg dokumentasjon på samanhengen mellom kvalitet og dyrkings- eller produksjonsforhold. Éin av søknadene som stiftinga tilrådde, vart avslått då han kom til Mattilsynet, men seinare godkjend etter at søkjaren la til eit geografisk namn i produktnamnet, fortel Norsk Mat-direktøren:
– For tida har me tre nye søknader inne, og «Røros Smør» frå Rørosmeieriet er den som har kome lengst i prosessen. Søknadene har stor breidde både når det gjeld produktkategori og geografi. Slik illustrerer dei både kor rikt og variert matkulturlandskapet i Norge er – og kor viktig det er å ta vare på dette mangfaldet.
Strengt
Johnsen er heller ikkje i tvil om at det finst fleire produkt der ute som ville kvalifisert til merket, og oppmodar produsentar om å gå saman om å søkje.
– Noreg har eit stort mangfald av mattradisjonar med særpreg og kvalitet som spring ut frå lokale forhold og lang erfaring. Med merket kunne fleire produsentar både styrkt eigen posisjon gjennom juridisk vern mot kopiering og bidra til å ta vare på matkulturen for framtida. Regelverket opnar jo for ulike typar vern, avhengig av kva slags dokumentasjon produsenten kan leggje fram.
Søkjarane må likevel bu seg på at prosessen tek tid. Lang tid.
Frå ein søknad kjem inn, til Mattilsynet gir endeleg godkjenning, tek prosessen vanlegvis halvanna til to år. I denne tida vurderer stiftinga søknaden opp mot regelverket, utarbeider høyringsdokument og forslag til produktforskrift saman med søkjaren, før dei sender saka vidare til Mattilsynet. Etter ein høyringsperiode på tre månader blir alle innkomne merknader vurderte. Det er først då stiftinga kan gje si endelege innstilling, for at Mattilsynet skal kunne gjera vedtak.
Så strengt, og så omstendeleg, må det nesten vera, meiner Anne Mette Johnsen:
– Når godkjenninga gir eit så sterkt og varig juridisk vern, er det naturleg at dokumentasjonskrava er grundige. Ordninga er ikkje berre eit marknadsføringsmerke, men ein reell kvalitets- og opphavsgaranti.
Dette er merkekrava:
- Søknaden må identifisere det spesifikke, geografiske området assosiert med produktet. Området må ha jordsmonn, klima eller vasskvalitet som gir klare utslag på produktkvaliteten. Alternativt må ein dokumentere at omdømmet til produktet er knytt til området.
- Søkjar må leggje ved dokumentasjon på alle påstandar om produktet.
- Bak søknaden skal det stå ei samanslutning av primærprodusentar som samarbeider om same næringsmiddel. Dei må ha eit forpliktande samarbeid og felles reglar for produksjonen av produktet.
- Søknadsgebyret for å bli merkebrukar er på 38.595 kroner og blir konsumprisindeksregulert kvart år.