nyhende

Har tida gått frå «Ånda som går»?

Frå å kome ut kvar veke med eit opplag på godt over 100.000, kjem Fantomet i dag ut med eit blad ved juletider og nokre opptrykk av gamle historier utover året. Har tida gått frå den atletiske jungelmannen i trikot og maske?

Publisert Sist oppdatert

Gamle jungelord

«Det hender at Fantomet forlèt jungelen og går omkring i byen som ein vanleg mann.»

«Fantomet har ti tigrars styrke.»

«Fantomet er hard mot dei harde.»

«Fantomet kjem stillare enn jungelnatta.»

«Når Fantomet spør — då svarar du.»

«Når Fantomet slår til står lynet stilt.»

» Du finn aldri Fantomet – han finn deg.»

«Når Fantomet snakkar frys blodet til is.»

«Fantomet har tusen auge og tusen øyre.»

«Dei som ser auga til Fantomet går ein grufull død i møte.» (Kone og barn er unntaket).

Det starta med at bladet, som hadde kome ut kvar veke sidan 1960-talet, først vart månadsblad, før det gjekk inn i 2018. No er det Egmont som sit på Fantomet-rettane, og ved sida av årsheftet ved juletider, gir dei også ut opptrykk av gamle Fantomet-historier frå starten i 1964. Det kjem fire av dei i året, og no har dei kome til 1971, fortel Fantomet-ansvarleg i Egmont, Hege Høiby.

Interessa og kunnskapen om teikneseriehelten er i ferd med å bli borte.

— Fantomet tapte mot Marvel-universet. Årsaka er at superheltane til Marvel satsa på film og TV, seier teikneserieekspert og -entusiast Kristian Hellesund. Vi kjem tilbake til han seinare. Først nokre personlege tankar kring jungelhelten frå artikkelforfattaren.

For ikkje så veldig mange år sidan var Fantomet ein mann dei fleste hadde eit forhold til. Folk nikka attkjennande til gamle visdomsord frå den bengalske jungelen, kalla jungelord. Møtte du ein kjenning på gata kunne du helse med eit gammalt jungelord, og så svarte han tilbake med eit anna.

Om å drikke mjølk på bar

For nokre år sidan merka eg ei endring. Treningssenteret eg går på ligg på andre sida av gata for ein bar. Ein dag sat eg og sveitta på ein ergometersykkel og observerte at ein meieribil hadde stansa utanfor puben og byrja å laste inn varene sine.

Eg lo med meg sjølv og tenkte: Ventar dei besøk av Fantomet?

For det var noko alle visste i tidlegare tider. Det var berre ein mann som kunne gå inn på ein bar eller pub og be om eit glas mjølk. Det var Fantomet. For det hende seg at mannen i den tettsitjande drakta forlèt jungelen, slengde ein trenchcoat utanpå trikoten, plussa på med solbriller og hatt, og tok seg inn til den pulserande, men også farlege hamnebyen Morristown.

Det gode og vonde merket

Ringen med Fantomet sitt vonde merke. Dei som fekk dette merket i ansiktet hadde mørke utsikter for resten av livet.

I jakta på hardbarka kriminelle steig han inn i skumle hamnekneiper, gjekk bort til bardisken og bestilte eit glas mjølk. Det fekk dei lyssky individa i baren til å flire, og dei mest framfuse av dei lét felle ein og annan hånande merknad om folk som går på bar for å drikke mjølk.

Det skulle dei snart angre på, og det tok ikkje lang tid før den eine og andre av dei sat, eller snarare låg, att med Fantomets vonde merke på kinnet. Og hadde du fått Fantomets vonde merke i ansiktet, så var du merkt for livet. Skikkelege folk ville ikkje ha noko meir å gjere med deg.

Fantomets gode merke derimot, som han ofte sette på bygningar og andre ting han meinte stod for gode verdiar, hadde den effekten at dei vart verna og tekne vare på av folk i jungelen. Dr. Axels jungelsjukehus er eitt eksempel på ein institusjon som stod under vern av Fantomets gode merke.

Dårleg respons

Men altså. Det var dette med drikking av mjølk på bar. Eg syntest meieribilen utanfor baren var stor moro og tok eit bilete av det med mobilkameraet. Så la eg det ut på Facebook med teksten: Ventar dei besøk av Fantomet?

Det var null reaksjon. Heller ikkje frå dei av venene mine eg har rekna for å ha solide Fantomet-kunnskapar. Kva er det som har skjedd?

Eg har i mange år vore fasinert av Fantomet. Det er noko spesielt med ein mann som går rundt i trong trikot og maske, har styrken til ti tigrar, som det heiter i eitt av jungelorda, og som bur i ei hovudskallegrotte langt inne i jungelen i det afrikanske fantasilandet Bengal eller Bengalla.

Ein skulle tru at det ein må kalle ein heller sær mann, busett temmeleg ruralt og med såpass spesielle buforhold, ville ha problem med å finne seg ein kjærast eller kone. Men nei, det er det minste problemet for vår mann.

Sala Palmer er ei moderne, velutdanna storbykvinne frå USA, blendande vakker, er olympisk meister i stuping og har ein toppjobb i FN. Ho flyttar gladeleg til jungelen og inn i grotta for å skape ein kjernefamilie der inne. Og Hovudskallegrotta ligg djupt inne i jungelen i dei kortvaksne bandarane sitt rike.

«Ånda som går»

Bandarane er dei einaste som kjenner løyndomen, ved sida av oss lesarar sjølvsagt, om at Fantomet faktisk ikkje er over 400 år gammal. At vervet som Fantomet har gått i arv frå far til son sidan 1500-talet, då den unge sjømannen Christopher Walker opplevde at skipet han var om bord i vart angripe av dei frykta Singh-piratane.

Alle andre i jungelen trur det er same mannen, derfor går han også under namnet «Ånda som går» og blir snakka om som «mannen som er over 400 år».

Kit var den einaste overlevande, skylt i land på ei strand i Bengal, medan faren hans var blant dei som vart drepne. Og på hovudskallen frå faren sitt maltrakterte lik sverja han at han skulle vie livet sitt til kamp mot piratar og andre bandittar, og å beskytte dei svake. Han lovde også at den eldste sonen skulle ta opp arven når han gjekk bort, og slik skulle dei halde på fram i generasjonar så lenge det var naudsynt.

Dagens Fantomet er den 21. i rekkja. Og felles for alle forgjengarane er at dei har henta seg vakre kvinner frå Europa eller USA, gjerne prinsesser eller fyrstedøtrer, gifta seg og fått søner som kunne overta rolla som vaktar over jungelen. Heile tida med base i Hovudskallegrotta.

Alle dei førstefødde sønene fekk namnet Christopher, forkorta til Kit, og dei visste frå tidleg alder kva dei var esla til i livet.

Bryllaupsnatt i jadehytta

Den 21. Fantomet gifte seg med Sala Palmer i 1977. Det skjedde på tradisjonelt vis i Hovudskallegrotta, og etter vigsel og fest gjekk turen til den heilt spesielle øya Eden, der den vidkjende jadehytta er. Det er lang tradisjon i Fantomet-slekta å overnatte i jadehytta bryllaupsnatta.

Øya Eden har vore åstad for eit stort økologisk eksperiment i regi av Fantomet. Her lever alle ville dyr i verda i fred og harmoni. I staden for å drepe og ete kvarandre, så har dei vorte vegetarianarar og gode vener. Så på Eden herskar det rein idyll.

I takt med likestillingstanken var det på 1970-talet ikkje sjølvsagt at det var eldste sonen som skulle ta over tradisjonen. For ni månader etter natta i jadehytta vart tvillingane Kit og Heloise fødde, og det er framleis uklart kven av dei som skal ta over arven etter faren. Blir det Kit, Heloise eller begge to?

Skulda for å vera venstrevridd

På 1970-talet forsvann også ein del av dei heller koloniale haldningane i teikneserien, og i Sverige vart Fantomet til og med skulda for å vere venstrevridd. Det fekk forlaget til å gå ut i media og forsikre om at han heldt seg i det politiske sentrum, kanskje rundt Sentern, den svenske motsatsen til Senterpartiet.

Fantomet sin autoritet er suveren og absolutt. Som når han tek med seg husdyret sitt, Ulv, inn på eit interkontinentalt passasjerfly og skal til USA. Flyvertinna seier høfleg til han at det ikkje er lovleg å ha med seg hund inn på flyet. Han ser berre hardt på henne og seier: – Det er ingen hund, det er ein ulv.

Etter det slepp han fleire spørsmål.

Sjølvaste Sjefen

Det hender seg også at Kjell Steen tek på seg hatt, solbriller og trenchcoat og går rundt i Stavanger som ein vanleg mann.

Mannen som kjenner Fantomet betre enn nokon annan her i landet er Stavanger-mannen Kjell Bojulv Steen (85). Han hadde ein finger med i utgivinga av Fantomet her i landet i fleire tiår fram til 2018.

Steen er kjent som «Sjefen». I kvar utgåve av Fantomet svarte han på spørsmål frå lesarane og administrerte Fantometklubben, som på det meste hadde 180.000 medlemer. Ved å svare på spørsmål frå Fantomet-universet kunne medlemene oppnå stadig høgare grad på medlemskapen. For å oppnå høgste graden måtte ein verkeleg bevise at ein hadde svært omfattande kunnskapar.

— Eg fekk ein bunke med opp til 100 engasjerte og lange brev kvar veke. Så plukka eg ut dei beste og trykte i bladet, seier Steen til NPK. Og alt skjedde i ein humoristisk tone, fortel han.

Omsette frå svenske Fantomen

Kjell Steen jobba heiltid i Stavanger kommune ved sida av å vere Sjefen i Fantomet, blant anna som opplæringssjef. Men dei siste åra var Fantomet meir som ein heiltidsjobb.

— Det var heilt tilfeldig at eg hamna i Fantomet. Den gongen var det Stavanger-forlaget Stabelfeldt som gav ut teikneserien, og det var ein kjenning av meg som jobba der som fekk meg til å hjelpe til. Eg hadde eit forhold til teikneseriar frå barndomen, spesielt frå «Spøk og Spenning» med seriar som Mandrake og Knoll og Tott. Og tida i Fantomet var veldig moro, seier 85-åringen på telefon frå Stavanger.

Han kan fortelje at dei i starten omsette frå svenske Fantomen, før dei også fekk laga eigne Fantomet-seriar med norske teiknarar. Og sjølv om Fantomet i Noreg berre kjem ut 4–5 gonger i året, så kjem svenske Fantomen ut med 26 utgåver i året.

– Folk les generelt mindre teikneserieblad enn tidlegare, no er det vel stort sett berre Donald igjen. Det er for vanskeleg å konkurrere med internett og telefonen, trur han.

Langt og nært forhold

Kristian Hellesund orienterer om norske teikneseriar under ein teikneseriekonferanse i Warszawa i Polen.

Kristian Hellesund har også eit langt og kjært forhold til Fantomet.

– Det er ein av teikneseriane som har følgt meg lengst. Eg lærte meg å lese ved hjelp av Donald, men Fantomet byrja eg å følgje med på då eg hadde lært det. Først var det gjennom avisstripene i Bergensavisen, før eg oppdaga at jungelhelten hadde eit eige blad, seier han til NPK.

Han trur Fantomet på 1960- og 1970-talet var den mest leste teikneserien her i landet. Mange aviser hadde daglege striper og bladet hadde eit opplag på over 100.000.

– Eg trur suksessen skuldast kombinasjonen action og jungeleventyr, men også at serien fekk eit sosialdemokratisk syn på verda. Fantomet var ikkje lenger den store, kvite fyrsten som skulle hjelpe dei svarte i Afrika, men han kjempa mot urettferd som apharteid. Og afrikanarar vart i større grad ein del av historiene.

I ferd med å gå i gløymeboka

Hellesund trur Fantomet er i ferd med å gå i gløymeboka her i landet.

– Dei som kjøper blada som kjem ut i dag, er nok for det meste 50 pluss. Eg har ein mistanke om at dei under 20 knapt veit kven Fantomet er, seier han.

Men Fantomet lever i beste velgåande vidare i land som Sverige og Australia. Og særleg i Australia blir det laga mange bra seriar om «Ånda som går», meiner han.

– Eg opplever nok at det norske Fantomet gjekk inn litt for tidleg. Kanskje hadde dei litt for stort fokus på det svenske materialet frå 2010-talet. Eg trur det kunne ha vore betre å bruk det som blir laga i Australia, seier han til slutt.

Powered by Labrador CMS