nyhende

Sokneprest i Valestrand og Førde, Arild Steinsland.
Sokneprest i Valestrand og Førde, Arild Steinsland.

Har søkt stillinga som prost i Sunnhordland

Arild Steinsland, sokneprest i Valestrand og Førde, er ein av seks søkarar til stillinga som prost i Sunnhordland prosti.

Publisert Sist oppdatert

Soknerådet i Sunnhordland skal uttala seg om søkarlista innan 10. september, og innstillingsrådet har frist til 18. september. Tilsettinga blir gjort i Bjørgvin bispedømeråd 30. september.

Søkarlista

Det er seks søkarar, to kvinner og fire menn, til å ta over for prost Svein Arne Theodorsen:

  • Sidsel Jensdatter Lyster (49), sokneprest Bergen
  • Eirik Aadland Tappel (49), sokneprest/prostiprest i Sunnhordland, Stord
  • Jørgen Kristian Knudsen (58), sokneprest i Stord, Tysnes
  • Arild Steinsland (58), sokneprest Valestrand og Førde sokn, Sveio
  • Kjersti Brakestad Boge (50), sokneprest i Kvinnherad
  • Olav Johannes Oma (55), sokneprest i Sunnhordland prosti, Fitjar sokn

Eirik Aadland Tappel er også knytt til Sveio, både som vikarprest og at han etter planen skal tiltre som ny sokneprest i Sveio 19. desember.

Powered by Labrador CMS