nyhende

Har sett standarden i 100 år

Det er ingen grunn til at «A4» skal bety at noko er kjedeleg. Det er både fiffig og smart at trinna i trappa di er like høge og at ein ny komfyr alltid passar inn i kjøkkeninnreiinga.

Publisert Sist oppdatert

Sjå for deg at alle kvitevarer, bankkort og vegbanar har vidt ulike mål. At bokstavane står på ulike plassar på tastatura og at tala står i tilfeldig rekkefølge på alle klokker. Ja, eller førestill deg at somme takstmenn inkluderer golvflata i alle kott og skåp når dei skal slå fast arealet i huset ditt, medan andre berre reknar inn rom med takhøgd på over 2,5 meter.

Ein slik mangel på system hadde garantert vore frustrerande.

Akkurat så enerverande som det er kvar gong ein må rote rundt i haugen av leidningar for å finne ulike straumladarar til mobiltelefon, nettbrett og digitalkamera.

– Ein standard er ei felles oppskrift på korleis noko skal lagast eller gjennomførast, seier Jacob Mehus, som er administrerande direktør i – nettopp – Standard Norge.

Det er dei som saman med partnarar over heile verda skapar standardar for at kvardagen til folk skal vere føreseieleg og trygg, og at det ein gjer eller lagar blir likt kvar gong. Slik sett kan ein kanskje seie at ein standard er vellukka når ingen legg merke til at han finst, seier Mehus:

– Mennesket har til uminnelege tider forstått at det kan vere klokt å gjenta det ein har gjort før og som fungerte. Det er jo difor me seier det ikkje er naudsynt å finne opp hjulet på nytt.

Frå kaos til A4

Standardiseringsarbeid er organisert på nasjonalt (Standard Norge), europeisk (CEN) og internasjonalt (ISO) nivå. Samla utgjer standardane eit slags felles språk for alle varer som blir importert og eksportert på tvers av landegrenser kvar einaste dag.

Her i Noreg tok den organiserte standardiseringa til i 1923, då Noregs Industriforbunds Standardiseringskomité, forløparen til Standard Norge, vart konstituert.

Ein av dei første tinga dei greip fatt i, var papirformata. På dette tidspunktet fanst det eit virvar av storleikar på brev og konvoluttar som skapte hovudbry for både byråkrati og arkiv. I 1926 vart difor det tyske A-formatet vedteke innført for å rydde opp. Alle A-formata er nemleg formlike. Brettar du eit A4 ark i to, får du fire sider A5. Brettar du eit A3-ark, får du fire sider A4, og så bortetter.

– A-formatet vart introdusert under det fiffige slagordet «På kontor og privat, bruk standard format». Det vart ein kjempesuksess, og sidan har me aldri sett oss tilbake.

Jacob Mehus humrar:

– Den indre logikken er supersmart. Slik sett er det litt rart at «A4» er blitt eit nedsettande begrep som blir brukt om noko som er kjedeleg.

Jacob Mehus leier non profit-organisasjonen Standard Norge som har 90 tilsette. Dei samarbeider tett med dotterselskapa Standard Online og Standards Digital. Standardiserings-arbeidet blir finansiert gjennom royalty frå salet av standarar, men også gjennom statstilskot og prosjektfinansiering.

Norsk eksport

I prinsippet er det nesten ikkje den ting som ikkje kan eller er blitt standardisert: Gravferdstenester. Mutterar. Kor mykje brannmotstand ulike bygningsdelar skal ha. Snølast på tak. Tiltak mot økonomisk kriminalitet. Trampolinar. Tannlegeterminologi. Rullebrett og vedlikehald av høyrselsvern. Beredskapsøvingar, transportløysingar og kor mykje fukt det kan vere i fyringsved. For ikkje å gløyme krumminga på agurkar – slik at ein unngår å sende kasser med for mykje luft verda rundt.

Standard Norge forvaltar 40.000 standardar, og om lag 98 prosent av dei er opprinneleg internasjonale. Standardar som er laga nasjonalt i Noreg utgjer berre beskjedne to prosent, men dei betyr likevel mykje på sine område. Me har til dømes nasjonale standardar som regulerer alt frå krav til oppdrettsanlegg og kontoplan for rekneskap, til kvaliteten på skrei, universell utforming av uteområde og coachingtenester.

Noreg har ikkje minst vore framoverlent når det gjeldt å utvikle standardar for petroleumsverksemd og helse, miljø og sikkerheit, fortel Mehus. Om ikkje lenge blir også ein ny, Norsk Standard for utsleppsfrie byggjeplassar og anleggsområde lansert:

– Norske standardar får ofte mykje merksemd, og ikkje sjeldan endar dei opp som internasjonale standardar etter kvart. Norske fagmiljø har til dømes teke initiativ til ein Norsk Standard for digitale byggjeprosessar, og ein annan for handtering av plast på fiskefartøy. I dag er begge blitt internasjonale standardar. Slik eksporterer me ikkje berre ein ny standard, men også norsk teknologi og kompetanse, seier Mehus.

Standard intelligens

I dag handlar standardiseringsarbeid lite om boltar og agurkar, og desto meir om komplekse problemstillingar som kunstig intelligens, CO2-fangst og hydrogen. Utfordringsbiletet for Mehus og staben famnar også eit omfattande arbeid med den sirkulære økonomien i verda. Den har som ideal at alle ressursar skal bli verande i økonomien lengst mogleg, ved at ein reduserer både råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk.

Mehus seier området er så stort at det ville vore umogleg for Noreg eller noko anna land å gjere eit slikt arbeid aleine:

– Her blir det difor jobba med å utvikle standardar som fungerer på tvers av både kontinent og sektorar, og som i sin tur skal la seg operasjonalisere både globalt, regionalt og nasjonalt og støttast opp av ulike regelverk. Det er utruleg spennande. Etter 100 år handlar det framleis om å løyse utfordringane i den tida vi lever i.

Lade-lette

Kva så med haugen av ladekablar, som veks kvar gong det kjem ein ny teknisk dings inn i huset? Her må det då vere mogleg å sette ein standard ein gong for alle?

Jacob Mehus nikkar. Standaren, ladeinngangen USB-C-porter, har faktisk eksistert lenge fortel han, men det er alltid opp til det einskilde land og produsentane om dei vil bruke standarden.

I dag er det Android-telefonar som bruker USB-C-porter, og Apple har, kanskje ikkje overraskande, vore motstandar av ein felles standard for ladarar. Noreg aleine er også for lite til å legge press på ein leverandør. Då er det annleis med EU, forklarar Mehus. EU har regulatorisk makt og brukar den aktivt til å gå føre og implementere politikk, blant anna på miljøområdet. Med ein marknad på 500 millionar menneske har dei også kjøpekraft nok til å stille store krav.

Det gjorde EU til gangs, då dei i sommar vedtok at alle mobiltelefonar, nettbrett, digitalkamera, høyretelefonar og berbare høgtalarar innan neste haust skal ha USB-C-porter som standardlading. Mehus ser heller ikkje bort frå at produsentar som Apple etterkvart vil sjå at det er enklare å lage produkt som krev den same ladaren til resten av verda også.

Med det er det blitt sett nok ein liten, men viktig standard som vil gjere liva våre lettare – slik Standard Norge har gjort dei siste hundre åra. Og med det fell også nok ei lita brikke i den store sirkulærøkonomien på plass:

– Ein felles ladar vil ikkje berre spare forbrukarane for tre milliardar kroner, det vil også gje Europa 11.000 tonn mindre elektroavfall kvart år. Og eg gler meg også veldig til å sleppe og måtte leite rundt etter rett ladar!

Powered by Labrador CMS