nyhende

Solveig Kristine Hinderlid.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Solveig Kristine Hinderlid.

Har selt lodd for 40.000 kroner

Det er ikkje få som har handla lodd hos Solveig Kristine Hinderlid, til inntekt for gode formål. Her kan du bli litt betre kjent med ho – i spalta «—Hei, sveibu!»

Publisert Sist oppdatert

— Hei, sveibu!

Namn: Solveig Kristine Hinderlid

Alder: 80 år

Bustad: Sveio sentrum, tidlegare Kvalvåg og seinare Krossleite.

Aktuell med: Sel lodd for Tro, Håp og Kjærleik-stiftinga.

— Kva gjer du til dagleg? 

— Eg sel lodd for Tro, Håp og Kjærleik, der inntekta går til eit barneheim i Ukraina. No har eg selt ut fire bøker for stiftinga, altså for 40.000 kroner. Folk spør meg kvifor eg er så opptatt av barneheim i Ukraina. Det er fordi eg slapp å hamne på barneheim sjølv. Mamma døydde når ho fødde meg. Eg var teken inn hos systera til mor mi og mannen hennar, dei adopterte meg. No har eg selt ut fire bøker for stiftinga, altså 40.000 kroner.

— Kva er det beste med å vere sveibu?

— Her synast eg me har det voldsomt fint. Eg har masse besøk av familie og venninner.

— Er det noko du saknar i Sveio? 

— Nei. Eg har tre barn, ni barnebarn og 19 oldebarn, nokre av dei heilt oppe i Sandnessjøen. Dei snakkar eg med på telefon, og i helga var eg i 10-årsdag i Sveiåsen.

— Kva er ditt beste Sveio-minne? 

— At eg fekk vekse opp hos tanten og onkelen min, eg har hatt det godt.

— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?

— Heimesjukepleien, dei er fantastiske. Dei hjelpar meg kvar morgon og kveld.

Powered by Labrador CMS