nyhende
Oppdaga svært giftig plante i hagen:
Har sannsynlegvis kome med fuglefrø
Då Anne Grethe Miljeteig kom heim frå ferie hadde ei ny plante tatt plass i bedet. Den frodige planta var stor og vaks raskt vidare. – Då eplet kom, var det heilt utanfor min viten kva det var, seier Miljeteig.
Hagen blei stelt og beda lugga før ekteparet, busett på Ekrene reiste på ferie med bubilen. Då dei kom heim fire veker seinare, var det ikkje vanskeleg å få auge på nykommaren, som hadde slått rot på nedsida av altanen, like under der fuglane blir mata om vinteren.
– Det var litt spesielt, me lurte lenge på kva det var som vaks. Det kunne likna på både tomat, agurk og graskar, seier Miljeteig. Planta fekk blomar, både kvite og litt rosaaktige. Då det første eplet dukka opp, tydde ho til Google, sidan ingen av hennar planteglade venner kunne hjelpa med identifisering.
Nettet gav svar. Den framande gjesten såg ut til å vera den svært giftige piggeple, ei eittårig, urteliknande plante som kan bli mellom 50-150 cm. høg. I følgje Helsenorge, er blomane trompet- eller røyrforma og veks stort sett oppover eller sidelengs, i motsetnad til engletrompet, som oftast har blomen hengjande nedover. Blomane til piggeple kan variera i fargenyansar mellom kvit og lilla.
– Ikkje vanleg
Då Heidi Lie Andersen, førsteamanuensis for Universitetshagene ved Universitetet i Bergen får sjå bildene, kan ho med ein gong bekrefta at det dreier seg om piggeple.
– Denne planta er absolutt ikkje vanleg her på Vestlandet. Den har nok kome med i ei frøblanding, eller med fuglefrø, og er eit vanleg ugras eller vegplante i middelhavslanda, seier Andersen.
Om nokon har ei slik plante i hagen, vil den heilt garantert døy i løpet av vinteren.
– Det er ingen fare for at den vil overleva. Viss den får laga frø, er det også liten sjanse for at dei vil spira til neste år, om dei ligg ute i hagen. Men, dette er ei kraftig giftplante, dersom vedkommande har barn i hagen sin, ville eg anbefalt å fjerna dei, seier Andersen.
Held seg eitt år
Jan Wesenberg i Norsk Botanisk Forening er einig. Han støttar teorien om at planta har kome som følgje av frøforureining i ein fuglefrøblanding. Piggeple spreier seg normalt ikkje i Noreg.
– Den dukkar først og fremst opp der ein om vinteren har mata fuglar. Ho kan ikkje seiast å vera vanleg nokon stad, men dukkar opp tilfeldig, held seg eitt år, og så er ho normalt borte på den staden, for ho klarer ikkje å sjølv setja spiredyktige frø her i landet, seier Wesenberg.
Når det gjeld natur og biomangfald, utgjer ikkje piggeple noko fare.
– Men, ho er ganske giftig. Synest ein planta er fascinerande og artig, så la ho stå og blomstra og nyt synet, ho vil neppe koma att neste år. Har ein småbarn i hagen, så kan ein like greitt nappa ho opp og kasta ho, rår Wesenberg.
Han påpeiker at det finst andre til dels sterkt giftige hageplanter i Noreg, slik som tuja og prakthjelm/storhjelm og riddarspore.
Nyttig å kjenna igjen
Planta på Ekrene fekk veksa vidare under oppsyn etter identifiseringa ved hjelp av nettet. Fleire eple kom fram, men frøa i eplene fekk ikkje bli modne, slik at dei potensielt kunne spreia seg vidare i naturen. No er planta brent opp.
At fuglefrø er opphavet til den framande gjesten, trur Miljeteig er heilt sikkert, no som to fagpersonar har peikt på den moglege årsaka.
– Me kjøper fuglefrø på heilt vanlege butikkar i byen, seier Miljeteig, som vil åtvara andre om dei finn ei slik plante i hagen sin.
At piggeple er svært giftig kan Seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, Jartrud Wigen Skjerdal bekrefta.