nyhende
Har samla lokal båtbyggarhistorie
Ernst Arne Sælevik har skrive ei omfattande trebåtbyggar-historie som dekkjer både Sveio og distrikta rundt.
«Trefartøy bygde ved Ålfjorden, Bjoafjorden, Ølensfjorden og på Romsa frå 1806 til 2018» er tittelen på boka som er på heile 343 sider. Om lag 260 båtar i alle slags variantar, alt frå store seglskip til små robåtar, skipsmodellar og leikebåtar er omtalt. Boka gir eit oversyn over aktiviteten, byggjemetodar og byggjemeistrane, og ikkje minst lagnaden til dei fleste fartøya bygd i desse områda over ein tidsperiode på 210 år.
Stort prosjekt
I 2014 var Ernst Arne Sælevik frå Bjoa ferdig med ei bok om Nordhuglo Båtbyggeri som to av onklane hans starta etter andre verdskrig. Då han gjekk laus på båtbygginga i Ølensvåg såg han snart at aktiviteten forgreina seg til fleire stader, blant anna til begge sider av Ålfjorden. Etter den tid brukte Sælevik nær all si fritid i seks år på prosjektet.
– Det har vore tidkrevjande, men svært interessant, fortel bokskrivaren om hobbyprosjektet sitt. Han har søkt skriftlege kjelder av ulike slag, som gamle aviser og skanna dokument på nettet.
– Det har også blitt mange turar til statsarkiva i Bergen, Stavanger og Riksarkivet i Oslo, for å bla i gamle protokollar, det gav alltid eit «kick» kvar gong det dukka opp noko uventa og spennande eller noko som eg ønska å finna, fortel Sælevik som er elektrikar av yrkje.
Skipsbygging langs Ålfjorden
Våge, Oa, Framnes, Selsås, Røykjenes, Kobba, Bårvåg, Slettavik og Bjørgjo er stader der båt/skipsbygging har funne stad på vestsida av Ålfjorden.
– Tidsperioden var ulik for dei ymse plassane, men det eg har funne var ifrå om lag år 1840 til om lag 1950. Båttypane var frå små vanlege færingar, skøyter, segljakter/jekter, galeasar og til dei største frå Selsåsstranda som var brigg og bark på rundt 100 fot, fortel bokskrivaren.
Skipskista gav mange svar
I svigerfamilien hans på Utbjoa har det vore lange tradisjonar med seglskutebygging og eigarskap heilt sidan 1852. Dei munnlege tradisjonane i familien har levd heilt opp til i dag.
– Onkel til svigerfar som levde til 1955 var den siste eigar og skipper på galeasen «Svalland». Dei reiste mykje på fiskeoppkjøp til Nordland og Finnmark siste halvdelen av 1800-talet. Ei gamal arva skipskiste og mykje gamle papir; dokument, rekningar, brev, telegram, rekneskapsbøker og fiskeoppkjøpsbøker frå denne tida, er teken vare på og bruka i arbeidet med boka, fortel Sælevik.
God mottaking
Boka kom ut før jul i fjor i eit opplag på 700. Til no er over 520 eksemplar selde. Sælevik har stått for alle utgiftene sjølv, det beløpar seg opp mot 270.000 kroner.
– Det vert nok inga forteneste, det var heller ikkje derfor eg gjorde det. Lokalhistorie er mange interesserte i, og mottakinga har vore god, trass i desse coronatider med alle avlyste kystlagsstemner og slikt i sommar som plar vera greie salsstader. Fleire bokhandlarar i distriktet sel boka og eg sender fortløpande bøker ut i Posten til dei som det passar best for, fortel bjoabuen.